Dei tilsette sine representantar i Helse Førde-styret er bekymra, etter at styret i helseføretaket vedtok budsjettet for 2018 på styremøtet sist fredag.

Styret høyrde ikkje på protestane frå Eid og Lærdal, som åtvara mot å bruke eldre kvinner som salderingspost. Men styret vel derimot å legge ned den gynekologiske poliklinikken. Midlertidig kallar dei det.

Det som er hårreisande er at styret vel å legge ned ei ordning på grunn av at ein gynekolog sluttar i Førde. Dei viser til at det er vanskeleg å halde oppe det ambulerande tilbodet.

Vi veit alle at det som blir midlertidig lagt ned har ein tendens å bli varig nedlagt. Det er berre spørsmål om tid. Dette finn vi oss ikkje i. Nordfjord sjukehus har blitt framheva som «Framtidas lokalsjukehus», og at tilboda ved lokalsjukehusa i større grad skal rettast inn mot breie pasientgrupper. No går styret i Helse Førde motsett veg.

For å spare pengar vert også dagkirurgien tatt ned frå 72 til 60 dagar i året.

Det vert også stillingskutt ved Nordfjord sjukehus. Ein skal for eksempel ha felles hjelpepleiar mellom medisin og God start-avdelinga. Vi forstår bekymringa hos dei tilsette som er bekymra over faren for smitte mellom avdelingane. Det kan bli eit problem.

På Nordfjordeid skal ein spare over 1,5 millionar kroner ved medisinsk avdeling. Dei tillitsvalde er urolege for framtida, for arbeidsmiljø og pasienttilbod. Dei mislikar at pengane ein skal spare inn i 2018 går til arkitektar og planleggarar for nybygg i Førde. Det er noko som skurrar ...