Kvar 2. fredag i tida framover vert ein ny Utavskåpet-kunstnar presentert. Dette for å gjere synleg mangfaldet og skapargleda som finst i kulturbygda Eid.

Der er mange som syslar på med eigne kunstnarlege aktivitetar utan at omverda får sjå kva dei har å by på. Mange tykkjer det er vanskeleg å stå fram fordi dei tenkjer dei ikkje er gode nok.

No utfordrar gjengen bak Det kreative rom eidarane til å kome ut av skåpet med kunsten sin. Bileta vert stilt ut i Det kreative rom på Amfi.

Tett på naturen

Utavskåpet-kunstnar nummer to er Belinda Lødum. Ho er 29 år og opphavleg frå Austlandet. Ho kom til Eid for fem år sidan.

– Her kjem eg tett på naturen, får inspirasjon og ro til å utøve kunsten min, seier Belinda. Ho tykkjer eidarane har teke godt imot henne.

Linjer

Vidare fortel ho at ho alltid har vore fascinert av linjer i handskrift, i teikningar og fysiske objekt.

– Når eg lagar illustrasjonar, så er det linjene som er viktige. Dei er nesten som musikk i øyra mine, fortel ho.

– Linjene har sin eigen rytme, harmoniske overgangar og kontrastar. Eg er oppteken av korleis dei tilsynelatande enkle linjene kan ha veldig mykje visuell informasjon i samsvar med «less is more-prinsippet”, fortel ho og legg til at ho jobbar intuitivt.

Nordisk design

Ho hentar mykje inspirasjon frå planteriket, dyreverda og nordisk design.

– Ein marknad som verkar spanande er å illustrere bøker, seier Belinda som ein dag håpar å kunne leve av å teikne. I 2016 fullførte ho Professional Illustration ved Berghs School of Communication i Stockholm.

Handlenett med motiv

I tillegg til plakatar og kort så har ho fått trykt opp handlenett med eigne motiv på.

– Eg tykkjer det er trist med all plasten som ligg og flyt kring i naturen. Å bruke handlenett i staden for å kjøpe plastposar kvar gong ein er på butikken kan redusere mengda plast, fortel ho. I tillegg er ho medviten på at hennar eigne produkt skal vere fri for plastemballasje.