Det heile starta med ei av mange koselege formiddagsøkter i Endal over ein kopp kaffi.

Laila Kolseth og Solbjørg Andersen fekk den glupe ideen at det hadde vore koseleg å samle dei eldre som sjeldan kjem seg ut, og gje dei ei annleis oppleving i førjulstida.

Vi satsa på at vi fekk dekka alle utgiftene til festen, og det klarte vi.

Berre på ei lita stund hadde Laila fått låne Borgstova på Davik av kommunen. Safari i Florø var velvillige til å støtte med brus og frukt.

Musikk måtte vi sjølvsagt ha. Harald Førde frå Svelgen var positiv med ein gong. Dette ville dei gjerne vere med på. Dei stilte med fem musikantar: Grinde på trekkspel, Harald med gitar, og Asbjørn Sande, Bjørg Damstue og Margareth Hjalte med song.

Vi fekk støtte frå lokalt næringsliv. Nærbutikken på Davik og dei fleste butikkane på Eid støtta oss med gevinstar og mat. Tusen takk for det!

Den gamle Borgstova i Davik vart pynta så ein skulle tru at vi var komne tilbake i tida. Medan vi dekka borda kom ideane rullande til det varierte programmet. Vi storkosa oss og hadde mang ei «latterkule».

På laurdag fekk vi god hjelp av Sigrid Nybø og Jenny Steinholen. Smørbrød vart smurt og blautkaker vart pynta.

Bebuarane på Klokkartunet hadde gleda seg til festen i vekevis. Og dei kom pynta og «stæsja» og veldig spente. Eldregarden på Dombestein, Davik og Endal kom etter kvart og spenninga var stor også blant dei.

Laila ønska velkommen og las eit fint dikt. Musikken spelte og fekk oss alle i god stemning. Så var det kaffiøkt. På programmet vidare vart det mykje musikk, dikt og loddtrekning. Nissemor kom på uventa besøk med gåver til alle. Det er ikkje berre barn som set pris på besøk av Nissemor!

Det var stor stemning og hælane i taket i takt med musikk og andre innslag. Svein Bakke heldt ei rørande takketale til oss. Det var kjekt å sjå for oss som laga til denne kvelden at alle såg ut til å hygge seg skikkeleg. Det var smilande fjes og mange gode klemmar.

Folk har allereie meldt seg på til neste år!

Til slutt ei stor takk til Harald Førde & co for at de stilte opp for oss.

Den gamle Borgstova var fint pynta til fest.
Dei eldre hadde gleda seg til festen i vekevis.