Føremålet til minerallova er å fremje og sikre samfunnsmessig forsvarleg forvaltning og bruk av mineralressursane i samsvar med prinsippet om ei berekraftig utvikling.

Det er Direktoratet for mineralforvalting (DMF) som har gjeve konsesjon. Området er tidlegare i reguleringsplan Massetak Skårhaug vedteken i mars 2016 regulert til steinbrot og masseuttak.

Drifta skal til kvar tid gå føre seg i samsvar med ein driftsplan godkjend av Direktoratet for mineralforvaltning (DMF). Dersom tiltakshavar ønskjer å gjere vesentlege avvik frå driftsplanen, skal DMF godkjenne dette på førehand.

Økonomisk sikkerheit

Av konsesjonsvilkåra går det fram at tiltakshavar Per Røyrhus AS blir pålagt å stille 600.000 kroner i økonomisk sikkerheit, for å sikre at naudsynte sikrings- og oppryddingstiltak blir gjennomførte. Sikkerheita skal stillast i form av ein bankgaranti med eit grunnbeløp på 300.000 kroner, og deretter årlege avsetjingar til ein bankkonto som skal etablerast til fordel for DMF.

Konsekvensar

Søknaden om driftskonsesjon har vore ute på høyring. I den samanheng har Eid kommune teke opp problemstillingane knytt til konsekvensar for omgjevnadane og nærliggande område; mellom anna om skredfare, forureining med støy og støv, aktivitet som strir mot reguleringsplanen, rystingar knytt til sprenging, uttak av masse utanfor gjeldande reguleringsplan og problem knytt til kommunal veg rett ved uttaksområdet. Kommunen har også peika på at området på Ytre Skårhaug er sett av i arealplanen til råstoffutvinning med det føremål å legge til rette for næringsutvikling i kommunen.

Bebuarar har vore opptekne av sikring, og det har også vore peika på at svingkurva for av- og påkøyring til riksvegen gjer det utrygt.

Forsvarleg drift

Konsesjonssøknader går gjennom ei skjønnsmessig prøving før det blir avgjort om det skal gjevast driftskonsesjon. I vurderinga skal det leggjast vekt på om søkjaren er «skikka» til å vinne ut førekomsten. Dette inneber at ein skal leggje vekt på om prosjektet ser ut til å vere økonomisk gjennomførbart, om det blir lagt opp til bergfagleg forsvarleg drift, og om søkjaren har tilstrekkeleg kompetanse til å drive førekomsten.

Tiltakshavar Per Røyrhus AS har i søknaden gjeve opp Salve Andre Røyrhus som bergteknisk ansvarleg for uttaket. Personen er registrert hos DMF som bergteknisk ansvarleg for uttaket og oppfyller kvalifikasjonskrava i forskrifta.

Etter DMF si vurdering har tiltakshavaren tilstrekkeleg kompetanse til å drive førekomsten.

Styringsverktøy

I samband med konsesjonssøknaden har Per Røyrhus AS lagt fram eit framlegg til driftsplan for masseuttaket. Driftsplanen skal vere eit styringsverktøy for tiltakshavaren i gjennomføringa av uttaket, og eit referansedokument i samband med DMF sine tilsyn.

Framlegget omfattar heile driftsperioden og avsluttinga av steinbrotet. innanfor arealet på 14 dekar som søknaden gjeld.

Eit grovt overslag tilseier at det står att om lag 110.000 m³ for uttak. Det går fram at det årlege uttaket vil variere med marknaden, men at det blir lagt opp til eit årleg uttak på 8 000–10 000 faste m³.

Det er planlagt drift i 4 etappar. Utdrivne område som ikkje trengst i den vidare drifta, skal setjast i stand fortløpande. Det blir òg presentert ein plan for sikring og avslutting.

Har godkjent driftsplanen

Direktoratet for mineralforvalting (DMF) har godkjent driftsplanen for Ytre Skårhaug massetak.

DMF finn at planen tilfredsstiller dei krava som dei stiller til driftsplanar. Etter DMF si vurdering legg planen opp til bergfagleg forsvarleg drift.

Kravet om at drifta til ei kvar tid skal gå føre seg på ein bergfagleg forsvarleg måte inneber at aktiviteten må vere i samsvar med tilfredsstillande faglege standardar for denne typen verksemd.

Kring 11 år med drift

Stipulert uttak vil gje ein driftsperiode på om lag 11 år, og ein forventar dermed avslutning

omkring 2030. Etter at drifta er avslutta og området er tilstelt i samsvar med avslutningsplanen tenkjer ein å nytte området til deponi, primært for masse og eventuelt hageavfall. Det vert understreka at det er ikkje lagt opp til varig opphald, eller konstruksjonar som medfører krav om sikkerheit mot skred i etterbruksfasen. Dersom dette vert aktuelt, må det gjerast ei ny vurdering av situasjonen i forhold til planlagt bruk.

Arealet for planområdet er om lag 17.7 daa. Avstand til næraste fastbuande er om lag 150 m.

Sprenging og knusing

I planområdet er det fast fjell under eit relativt tynt lag med jord og humus. Stein Erik Hansen frå Direktoratet for mineralforvaltning har skildra berggrunnen slik: «Bergarten i området er en gneis, en blanding hovedsakelig av granittisk gneis, biotittgneis og øyegneis. Foliasjonen er steil, strøkretning tilnærmet øst-vest, og med steilt fall mot syd. Bergmassen er gjennomsatt av flere sprekkesett, som gir en grovblokkig oppsprekking av bergvolumet. Et hovedsprekkeplan med fall ca. 30 grader mot syd har en sprekkeavstand på anslagsvis 2 m. Kombinert med tverrsprekker med ulik avstand og retning, så gir dette store avgrensede blokker, og potensiell fare for utglidning under ugunstige forhold.»

Uttaket skal skje ved at fjellet blir sprengt og knust til ulike graderingar av stein, pukk og grus. Massane er godt eigna til fylling, vegbygging og kommunaltekniske anlegg.

Det går fram av driftsplanen at ein vil starte med å stabilisere skjeringa i framkant av brotet, før ein går inn i overkant, avdekkjer førekomsten og arbeider seg stegvis ned i mot nivået som er etablert i eksisterande uttak.

Opparbeidd voll

I driftsplanen er det detaljert skildra korleis sikring og uttak og skal føregå.

Langs kommunal veg vert fjellvegen erstatta med opparbeidd voll. Som ein del av det innleiande arbeidet vert fjellskrenten i framkant, langs kommunal veg teken ut, og delvis erstatta med støyvoll, i samsvar med reguleringsplan. Dette vert mellom anna gjort for å eliminere problemstillinga med rasfare inn i mot kommunal veg. Tilkomsten til dei andre etappane vert lagt bak og delvis på denne vollen. For å oppnå tilfredsstillande sikring mot steinsprang til kommunal veg vert skjeringa trekt om lag 8 meter bak anleggsvegen.

MASSETAK: Konsesjonsområde på Ytre Skårhaug massetak i Eid kommune. Kart produsert ved DMF. Foto: Kartverket/DMF
DRIFTSPLAN: Driftsselskapet Per Røyrhus AS har i samarbeid med Nordplan AS utarbeidd driftsplan for massetaket der det går fram korleis uttak av massane skal gå føre seg. Foto: Driftsplankart laga av Nordplan