Eidarar er inviterte til å fryse ned vatn i mjølkekartongar, gjerne tilsett konditorfarge, og kome med isblokkane for å vere med å forme Eidahjartet. Målet er å få hjartet endå større enn det er i dag.

På sjølvaste Luciadagen var det elevar frå design og handverksklassa ved Eid vidaregåande skule som tok første byggesteg.

– Nytt i år er at eg har fått Ramona Osland frå Måløy, som er elev i designklassa, til å synge hjartesongen. Det har vorte ei innspeling med kulturskulerektor Dan Aasebø som spelar gitar. Lydfila ligg på facebooksida som heiter Ishjarte for Eid, fortel initiativtakar Marion Tufteland.

Å lage ishjarte for Eid har vorte tradisjon i førjulstida. Prosjektet starta i 2011. Tanken er at ein saman byggjer eit ishjarte som eit symbol på at vi kan få store ting til å skje i fellesskap. Her kan ein tenne lys for alle hjartesakene våre. Isblokkene kan du kome med når det måtte passe.

– Kjempekjekt om barnehagar, skuleklassar og andre vil vere med å bidra. Dette er kjekt å gjere saman med barn og barnebarn, seier Tufteland.