Eit samla  næringsliv i Eid og medlemmane i Selje Næringsforening og Stadlandet Bedriftsforening  ønskjer å ha ei felles stemme og  vere eit samla høyringsorgan – og ta på seg oppgåver for utvikling og næring i den nye kommunen. Gjerne i nært samarbeid med kommunen si eiga næringsavdeling og administrasjon elles.

Mange bedrifter - mange næringar

Stad Vekst representerer eit stort antall bedrifter og alle type næringar. Stikkord for Stad Vekst skal  vere samarbeid, styrke og felles innsats. Og Stad Vekst AS er  medspelar med kommunale organ, myndigheiter, Innovasjon Norge  og organisasjonar lokalt, regionalt og nasjonalt.  Det er inngått spennande intensjonsavtale med Ungt Entreprenørskap – som vil få betydelege oppgåver i forhold til samarbeid skule og næringsliv.

Samarbeidsorgan

Det er også naturleg at Stad Vekst blir  samarbeidsorgan med til dømes det nye vekstselskapet i Vågsøy, Vanylven Utvikling, Aksello, og dei øvrige selskapa som arbeider for utvikling i regionen. Det vil bli tatt initiativ for konstruktivt nærings-samarbeid og utvisking av unødvendige og unaturlege grenser.

Interimstyre

Eit interimsstyre/etableringsstyre  består av «næringslivsfolk» i  nye Stad kommune.,

• Olav Steimler  (styreleder)

• Roger Bergset

• John Terje Hamre

• Roald Starheim

• Ove Kjøllesdal (vara)

• Sverre Leikanger (vara)

Det er opp til første generalforsamling å velje ordinære styremedlemmer. Selskapet har ingen tilsette – og baserer seg på eigeninnsats og kjøpte tenester etter behov. Straks utpå nyåret vil styret invitere til drøftingar og formalisering av  medlemskap og aktiviteter.