– Vi vil framleis på det sterkaste protestere på forskjellsbehandlinga av innbyggarane i Heggjabygda og innbyggarane i resten av kommunen. Anleggsbidrag i vassverkutbygging vart ikkje brukt i utbygginga av vatn til Eid sentrum og då er det heilt urimeleg og stilla krav om dette for å overta Heggjabygda vassverk, skriv leiar for vassverket , Hans Frislid på vegner av styret.

Styret peikar på at vassverket i Heggjabygda vart godkjent av Mattilsynet som leverandør av godkjent drikkevatn i 2007, og har sidan det levert reint vatn i ti år. Sjølv i frostvinteren 2013 vart det levert bakteriefritt vatn frå borholet som er reservekilda til vassverket.

– Då Heggjabygda vassverk i 2013 søkte om kommunal overtaking så tenkte dei ikkje anna enn at kommunen skulle få overta eit vassverk som var godkjent for vidare drift utan store investeringar, og at kommunen skulle koma med forslag om tilførsel frå Nor når vi hadde ei sikker vasskilde som kan renne utan pumping inn på renseanlegget var heilt utenkeleg. Renseanlegget har ikkje noko problem med å rensa vatnet tilfredstillande, og ved bruk av borholet ved stort forbruk har vi heller ikkje mangla kapasitet. Vi meiner derfor at når kommunen vel å leggja ny ledning frå Nor og automatisera drifta av vassverket så kan kommunen ikkje krevja anleggsbidrag frå abonnentane for desse kostnadane. Kommunen får også eit ferdig distribusjonsnett av vatn frå vassverket som også bør verdsetjast, og både rørlegging og oppbygging av renseanlegg har abonnentane delteke i med dugnadsarbeid og kontantinnskot. Stikkledningar vert også ein del av abonnentane sitt ansvar etter ei kommunal overtaking. Derfor meiner vi at abonnentane i Heggjabygda vassverk har teke sin del av anleggstilskot i samband med vassforsyning i Heggjabygda, skriv Frislid.

Styret meiner at ein ikkje kan legge så stor vekt på samanlikninga med Blakset og Ulvedal vassverk i Stryn som rådmannen har gjort.  Dette var to vassverk som var utan renseanlegg og det vart med det ei utbygging av eit heilt nytt vassverk og kan ikkje samanliknast med og overta eit godkjent vassverk.

Frislid peikar vidare på at formuleringa « Eid kommune tek sikte på å overta» er eit svært flytande begrep og styret lurer på om kommunen har tenkt å sikta i fire nye år.

–  Heggjabygda vassverk krev no eit vedtak utan anleggstilskot for abonnentane i Heggjabygda, då vi meiner at vi har ytt dei anleggstilskota ein kan forvente i samband med oppbygginga av Heggjabygda vassverk, skriv Frislid på vegner av styret.

Han peikar også på at lånet som vassverket har i Sogn og Fjordane Sparebank no er på 501 500 kroner etter at dei måtte auke det opp med 100.000 kroner for å dekke inn kostnadane med frostproblem i 2013. Han legg også til at det i samtalene som dei hadde med administrasjonen i kommunen då vassverket søkte om overtaking ikkje kom fram noko anna synspunkt enn at dette lånet skal kommunen overta saman med vassverket.