BUA i Eid er den andre i sitt konsept mellom Trondheim og Bergen. Det er den første i Sogn og Fjordane, og frå før finst det berre ein slik utlånsstasjon i Vanylven når det gjeld Nordvestlandet.

Aktiv fritid

BUA er ein utlånsstasjon der ein gratis kan låne ulikt utstyr til bruk innan sport og friluftsliv. Tanken bak er å få fleire barn og unge ut i naturen og ut på tur. I dag finst det 48 BUA i Norge, fordelt på 38 kommunar. Mange av desse er lokalisert i Oslo og området rundt.

Men no kjem det stadig fleire også andre stadar i landet.

Den nasjonale foreninga BUA blei etablert i 2014. Dagleg leiar er Monica Vogt, som også var til stades under opninga på Nordfjordeid.

Ho seier at mangel på utstyr er ein viktig grunn til at nokre barn og unge blir innaktive. Kanskje har ein slalåmski, men manglar noko som kan vere fristande å bruke om sommaren til dømes.

–Dette er ikkje berre eit tilbod for dei som manglar pengar til å kjøpe utstyr. Men vi ser at alle grupper i samfunnet nyt godt av ei slik ordning. Skal ein kjøpe alt utstyret som ein treng kan det bli fullt i huset. Ved å låne er ein også med på å skåne miljøet og hindre ein bruk- og kast mentalitet, sa Monica Vogt då ho var til stades under opninga på fredag. Ho var begeistra for kor mykje utstyr som allereie er på plass ved opning på Nordfjordeid.

Skal jobbe på BUA

Det er frivilligsentralen i Eid som har teke initiativet med å få på plass BUA i Eid, i samarbeid med Eid kommune.

Bak BUA står også NAV, LA-senteret og Flyktningtenesta.

Åse Huse ved frivilligsentralen har vore primus motor. Ho opplyser at utstyret er kjøpt inn nytt. Av tilskot har dei fått 400.000 kroner frå Barne-, ungdom- og familiedirektoratet, og 30.000 kroner frå Nordrikk.

Dei som skal jobbe med utlån på BUA er brukarar av LA-senteret på Langeland. Det blir ope kvar yrkesdag frå måndag til fredag, men langope fredag. Utlånet er både for privatpersonar, skular, lag og organisasjonar.