Det var i helga at Venstre bestemte at dei skal gå i regjeringsforhandlingar med Høgre og Framstegspartiet rett over nyttår. Dei fleste reknar det som sannsynleg at partiet vil få tre statsrådspostar, kanskje fire, dersom forhandlingane går i boks.

Sveinung Rotevatn (30) frå Nordfjordeid blir rekna som ein av dei store «favorittane» til ein statsrådspost. Dei andre som blir mest nemnt er partileiar Trine Skei Grande, nestleiarane Ola Elvestuen og Terje Breivik, Guri Melby og Iselin Nybø. Fleire nemner også Stortingets visepresident, Abid Raja, men ifølgje NRK skal dette vere lite truleg.

Då Fjordabladet snakka med Sveinung Rotevatn før helga, altså før Venstre hadde bestemt seg for å gå i regjeringsforhandlingar, var han lite lysten på å kommentere spekulasjonane om ein eventuell statsrådspost.

– Det blir veldig hypotetisk, så det vil eg helst ikkje seie noko om, sa Rotevatn.

Ny jobb i advokatfirma

Akkurat no er Rotevatn inne i sluttfasen med masteroppgåva si i jus. Han har allereie takka ja til ein jobb som advokatfullmektig i firmaet Steenstrup Stordrange (SANDS).

– Eg skal byrje i den nye jobben 2. januar, seier han.

SANDS er eitt av dei største forretningsjus-firmaene i Norge, og det er stor rift om jobbane. På direkte spørsmål seier Rotevatn at han vart kontakta av SANDS med spørsmål om han ville kome på intervju.

– Eg ser på dette som ein flott sjanse til å jobbe med faget mitt, og å få prøve meg i det private næringslivet, seier Rotevatn.

Høg stjerne

Når Venstre no går i regjeringsforhandlingar, reknar dei fleste med at resultatet vil bli at dei går inn i regjering. Ifølgje NRK skal partileiar Trine Skei Grande vere opptatt av å behalde Rotevatn som ein viktig profil for Venstre, og at dersom han ikkje får tilbod om ein ministerpost no, vil han i det minste vere sjølvskriven som statssekretær.

Rotevatn er i alle fall tydeleg på at han ikkje kjem til å forlate politikken, dersom han byrjar i ny jobb som advokatfullmektig over nyttår.

– Eg kjem til å sitje i sentralstyret, og jobben hindrar meg ikkje i å ha meiningar offentleg, seier han til Fjordabladet.

Blir nemnd som outsider

Eid-ordførar Alfred Bjørlo blir nemnd som outsider til ein plass i regjeringa. Det er NRK som har 44-åringen på si liste over outsiderar som mulege statsrådar eller statssekretærar. Sjølv tar Bjørlo spekulasjonane med knusande ro.

– Eg har ikkje fått nokon førespurnader eller signal, då dette er heilt hypotetisk, seier Bjørlo, som ikkje vil seie noko om kva han vil svare om spørsmålet skulle komme.

– Det eg kan seie er at eg synest det er heilt rett av Venstre å gå i regjeringsforhandlingar. Førstevalet var ei sentrumsregjering utan Frp, men når valresultatet vart som det vart, må ein stikke fingeren i jorda. Det viktigaste må vere å få gjennomført mest muleg Venstre-politikk, og det får ein dersom ein er med å styre dag til dag-politikken, meiner Alfred Bjørlo.