Det går mot jul som er høgsesong for brann. I desember månad viser statistikken at det er 50 prosent fleire brannar enn elles i året. Ei viktig årsak er bruk av levande lys.

Deler ut 24 bamsar

Brannetaten i Eid skal dele ut til saman 24 bamsar til alle avdelingane i barnehagar i Eid kommune. Til dette og litt anna materiell har dei fått 50.000 kroner frå Gjensidigestiftinga i Sogn og Fjordane. Som også skal gå til trøstebamsar som skal brukast til barn ved ulukker. Onsdag denne veka var Are Fagerli og Rune Haugland frå Eid brannvern på Kjølsdalen montessoribarnehage. Der delte dei ut ein bamse til kvar av dei største avdelingane. Bamsen skal etter tur få vere med barna heim. Og i sekken som føl med skal dei også vere eit skjema med punkt som barna skal sjekke heime i samarbeid med foreldra. Det handlar om at alt skal vere på plass i høve til branntryggleik. Ikkje minst no når jula snart står for døra.

Dette er punkta som barna skal kontrollere i heimen:

1. Vi har lest om brannøving i heimen.

2. Vi veit kvar røykvarslaren er.

3. Alle røykvarslarane pip når testknappen blir halden inne.

4. Vi har huska å byte batteri i røykvarslarane.

5. Vi veit kva for sløkkjemiddel  vi har, og kvar det finst i huset.

6. Pila står på det grøne feltet på sløkkjeapparatet.

7. Vaskemaskin og tørketrommel er alltid avslått om natta.

8. Eg veit kva eg skal gjere dersom det blir brann, og har lært meg desse punkta:

A. Rømmingsvegar

B. Oppmøtestad

C. Brannøving saman med      dei vaksne.

D. Har lese og skrive heimen sin branninstruks.

Norge er på topp når det gjeld brannar.

I gjennomsnitt så startar det 100 brannar kvar dag, der 90 prosent av desse startar som ulmebrann.

Heile 40 prosent av norske husstandar har ikkje røykvarslarar, eller har røykvarslarar som ikkje fungerer.