Dagleg leiar, Wenche Hagevik Nygård, opplyser til Fjordabladet at dei er opptekne av friluftsliv året rundt, og har eit fantastisk uteområde på Holmen. På «Reset» har dei utebase med gapahuk, grue, åker og tilgang til båt. Borna kjem frå bryggjaområdet, Selje og Vågsøy.

Talet på barn i barnehagen varierer mellom tjue og om lag tretti. No er det tjueto barn der.

Liten og trygg barnehage

Ungane kan boltre seg i eit stort og variert uteområde. Dei få centimetrane med snø nyleg var ekstra velkomne, og det vart full aktivitet i akebakken. Nygård opplyser at dei har ei stabil personalgruppe med høg fagleg kompetanse. I alt er det ti tilsette ved barnehagen, av dei tre pedagogar. Sjølv er Nygård førskulelærar med tilleggsutdanning.

Besøkjer ofte gardsbruk

Fjordly er så heldige at dei ligg nær eit levande gardsmiljø, og besøk rundt på gardane er ein viktig del av opplegget. Barna er med på potetsetting og opptak. Dei lærer stell av dyr som sau og geit på ein naturleg måte, og kva behov husdyra har. Dei tek og aktiv del i høyberging og hesjing.

Brukar sjøen aktivt

Nærleiken til fjorden gjer det naturleg med aktivitetar i fjøre og på sjøen. Barnehagen driv garnfiske og av fisken lagar dei fiskekaker. Sild blir til turrsild, boknasild og kubbesild. Om hausten står gjerne krabbefangst på programmet. Gjennom aktiv deltaking vert sjøvettsreglar innprenta, og god bruk av sjøen står i fokus.

Det er heile tida vekt på bruk av lokale ressursar, lokalkultur og gamle teknikkar. Ungane lærer gjennom eigenaktivitet om korleis maten vert til og lærer å setje pris på gode, lokale matskikkar.

Verdiar og språkutvikling

– Gjennom alt dei gjer i barnehagen legg dei vekt på formidling av gode verdiar og språkutvikling, fortel Nygård. Gjennom alle dei ulike aktivitetane borna er med på får dei utvida vokabularet og språkferdigheitene sine elles.

− Vi jobbar mykje med språket. Faktisk går språket som ein raud tråd gjennom alt vi driv med, seier Nygård begeistra. Ho har heile elleve år bak seg som styrar.

Lokalkultur og tradisjonar

I desse førjulstider står lefse- og kakebaking på programmet. Å lage gomme høyrer og med. Alt skjer ut frå lokale tradisjonar og gamle teknikkar.

Eit høgdepunkt no før jul er besøk på Bakeriet på Bryggja, der barnehageborna saman med ungar frå barneskulen bakar lussekattar som dei seinare serverer på omsorgssenteret. Det vert ein retteleg førjulsfest både for gamal og ung.

Integrert i lokalsamfunnet

Med stor vekt på uteaktivitetar vert barnehagen ein aktiv medspelar i lokalsamfunnet. Sysken og besteforeldre kjem jamleg på besøk, og bygdefolk elles viser at dei set pris på barnehagen sin.

Fjordly har utvida kristen formålsparagraf, men driv elles etter same retningslinjer som dei andre barnehagane i kommunen.

− Dei driv ingen forkynning, presiserer Nygård, men er opptekne av å feire kristne høgtider, syng kristne songar og har ei bøn kvar dag.

Den gylne regelen

– Den gylne regelen om at du skal gjere mot andre slik du vil dei skal gjere mot deg, er veldig ein sentral del av verdiformidlinga, avsluttar Nygård, som er stolt av barnehagen på Holmen – ein god plass å vere for både born og vaksne.

STORT UTEAREAL: Her boltrar ungane seg i frisk vinterluft. Foto: Per Ole Lefdalsens
STOLTE TILSETTE: Wenche Hagevik Nygård (i midten) og pedagogane Monica (t.v.) og Ann Jali Franzen. Dei meiner at dei har den flottaste barnehagen i Nordfjord. Foto: Fjordly barnehage
NÆR SJØEN: At barnehagen ligg nær sjøen, gjev store muligheiter for varierte aktivitetar. Bruk av nærområdet og lokale ressursar er viktig for barnehagen. Foto: Fjordly barnehage