Foto framside: Svein Nesbakk

Det var hysj, hysj og færrast mulig skulle vite det. Og hovudpersonane sjølve visste det i alle fall ikkje.

Men midt mellom to julesongar under MGPjr sitt besøk i Operahuset Nordfjord i dag blei musikken stoppa. Og opp på scena kom leiaren i Oppvekst- og kulturutvalet i Eid kommune, Knut Tore Nes Hjelle. Han hadde med seg både kulturprisen og blomster til dei tre.

–Ja, vi blei veldig overraska, dette hadde vi ikkje tenkt på kunne skje akkurat under vår konsert. Men det var veldig kjekt, og det betyr mykje for oss å få ein slik pris, seier dei tre vinnarane av Ungomens kulturpris 2017 som no er midt i MGPjr sin juleturné.

Dei har vore mange plassar i Sør-Norge, og framover er det Nord-Norge som står for tur.

–Det er kjekt å reise på turné. Vi kjem til mange nye plassar og får oppleve mange nye byar til dømes. På dagtid gjer vi kjekke ting som å reise på badeland eller gå litt rundt i byen, seier dei tre som ikkje minst synest det var stor stas å kome til heimbygda Eid og Operahuset Nordfjord i dag.

–Vi har fått ei ekstra god mottaking her på Eid. Publikum har vore begeistra og med på å skape ein god konsert, seier dei tre.

Juryen for Ungdomens kulturpris seier at;

«Vilde & Anna og Oselie har bidrege med å setje regionen og spesielt Eid på kartet på ein måte som ein knappast kan kjøpe eller planlegge seg til. Ikkje berre har dei sjølve vist eit enormt engasjement, kvalitet og musikalske evner på høgt plan, men dei har gjeve heile lokalsamfunnet store opplevingar og felles minner for livet. Juryen ynskjer at prisen skal bidra til at jentene framleis skal kunne utvikle seg sjølve og produktet sitt på ein god måte».