– Vi har ikkje søkt. Diverre fall det mellom to stolar. Vi hadde eit ansvarsskifte, der helse og omsorg har overlate ansvaret til kultur. No har vi sett ned ei gruppe som skal sikre at dette ikkje skjer igjen, fortel kultursjef Geir Holmen.

Selje har derimot fått 20.000 kr, Bremanger 60.000 kr, Hornindal 30.000 kr, Stryn 60.000 kr, og Vågsøy 50.000 kr.

Etter at denne saka blei lagt ut har Fjordabladet fått opplyst at det blir kultur for eldre også i 2018, sjølv om pengane ikkje kjem frå Den kulturelle spaserstokken. Kommunen vil hente desse pengane frå sitt eige fond for å sikre dette tilbodet komande år.