Pengegåva frå John Olav Lefdal, gjennom selskapet Lefdal Invest, er brukt til å kjøpe inn over 20 hjartestartarar i Eid, Hornindal og Stryn. Onsdag kveld var det utdeling av åtte hjartestartarar til ulike deler av Eid kommune.

Det er no utplassert hjartestartarar i Valhall, på Harpefossen Skisenter, på Årskog Camping på Lote, i Torheim Grendahus, i Heggjabygda grendehus, i Stårheim barnehage, i Haus grendehus og i Holmøyvik grendehus. I tillegg er det utplassert hjartestartarar på godsterminalen og Sagastad.

– Lefdal Invest gjer det bra, og når vi har 30-årsjubileum vil vi markere det med å gje til fellesskapet. Røde Kors trengde hjartestartarar, og det var noko vi absolutt ville bidra til å få på plass, seier John Olav Lefdal.

Fleire i Stryn og Hornindal

I tillegg til dei som er på plass i Eid kommune, er dette stadane i Stryn og Hornindal som har fått hjartestartarar av John Olav Lefdal: Hornindal: Skisenteret. Stryn: Lodalen (Sande Camping), Rake byggefelt, Fjelli, Fosnes, Flo, skisenteret. Olden: Sunde-bygget i sentrum, Briksdalen v/ Kleivane, Mølla i Olden. Vikane: Tistam (gamleskulen, er ikkje låst), fellesfjøsen Utvik, omsorgssenteret i Innvik.

– Vi har faste folk som blir opplært i bruk av hjartestartarar, og som har ansvar for vedlikehald. I situasjonar der det er behov for hjartestartar, er kvart minutt viktig med tanke på å redde liv. Gåva frå John Olav Lefdal betyr derfor at beredskapen blir betre, og vi set sjølvsagt stor pris på det han har gjort, seier Unni Kiviranta, leiar i Hjartestartargruppa i Indre Nordfjord.

Det er skrive avtale der mottakarar forpliktar seg til å ta ansvar for ettersyn, vedlikehald og kompetanse i bruk. Røde Kors skal halde hjartestartarkurset for mottakarane, der to-tre personar tilknytt kvar utplassering vil gjennomgå DHLR-opplæring.

– Fantastisk beredskapstiltak

– Hjelpekorpsa vil registrere hjartestartarane inn i 113-registeret. Når ein ser på kartet for Nordfjord er dette eit heilt fantastisk beredskapstiltak som potensielt kan redde mange liv for framtida. Vi veit at det er rask tilgang til hjartestartar som må til for å berge liv når nokon får hjartestans, seier Unni Kiviranta, som rettar stor takk til John Olav Lefdal for gåva.

Grundige vurderingar bak plassering

Det ligg grundige vurderingar bak valet av plassering av hjartestartarane. Røde Kors Hjelpekorps i Eid, Hornindal og Stryn kommuner har jobba gjennom ei oppnemnd hjertestartergruppe der Unni Kiviranta er leiar. Med seg i gruppa har ho Per Eilert Ommedal, Sigurd Strand og Vegard Midtun Rake.

I forhold til geografisk plassering er det gjennomført ei grundig vurdering av befolkningsmengde, utrykkingstid for ambulanse, eksisterande hjartestartarar og turisme. Basert på denne analysen har gruppa kontakta ulike grendalag og organisasjonar for å få til avtale om plassering på dei aktuelle lokasjonane for maksimal beredskap i kommunane.

Kartet viser plasseringa av hjartestartarar i Eid kommune, og nokre av dei som er plassert i indre Nordfjord. Foto: Kiviranta, Solve