Dei har også med seg Frida Holmgren og Marta Pavelich som russerevysjefar, men det er over seksti russ som kjem til å stå på scena. Russerevyen Ville Villa Nordfjord vert sett opp med to førestillingar 2.–3. februar i Operahuset Nordfjord.

Gleder seg

– Vi gleder oss, men det blir hektisk framover. No begynner vi for fullt. Vi angrar vel på at vi ikkje har begynt før, sjølv om vi har møttest. Men vi har i alle fall hatt ein ide heile vegen, seier Eline Lillestøl.

Revyen vil spinne rundt revynamnet Ville Villa Nordfjord, med litt kopi til Pippi Langstrømpe sin Villa Villekulla.

– Det vil handle om Mats Andersson som har kjøpt seg villa med Lefdalpengane sine. Her vert mellom anna ein svær fest, med mange kjente ansikt, og så skjer det ein del finurlege ting som vi må finne ut av, fortel Håkon Bøen.

Og Mats får ei stor rolle i russerevyen, og er også åleine på plakaten.

Song, dans og humor

– Mats vert spelt av Matias Navelsaker. Vi visste at han kunne synge, men under audition viste han interesse for den rolla. Vi synest det er kjekt at nokon som ikkje har stått så mykje på scena frå før er med. Vi har med mange andre hovudroller også. At over 60 russ vert med på scena er enormt og veldig kjekt, og vi satsar på mykje song og dans, seier Eline.

– Vi kjem til å ha i alle fall tre-fire store dansenummer med kvalitet, og så blir det mykje humor på revyen, lovar dei.

Hektiske tider

Dei innrømmer at det kan bli vanskeleg å overgå fjorårets gode russerevy.

– Men vi skal gjere vårt beste, seier dei.

Russen står framfor hektiske tider, med eksamenstid, russetid, russerevy i februar og skulemusikalen «Skjønnheten og udyret» i mars.

Allereie torsdag kveld vart billettane til russerevyen lagt ut for sal, og russerevysjefane håper at folk vil gå mann av huse for å få den med seg i februar.

– Det er spesielt artig å sjå at alle viser glede og innsats med å vere med. Det gir god kjensle for oss som driv med dette, seier Håkon.

– Det er spesielt artig å sjå at alle viser glede og innsats me då vere med, seier to av russerevysjefane, Eline Lillestøl og Håkon Bøen. Foto: Ingebjørg Nlsen Stokkenes