Når MGPjr juleturné denne helga kjem til heimbygda til tre av deltakarane, vil det ikkje vere ein ledig stol i kultursalen, Operahuset Nordfjord.

Heile 1069 nordfjordingar (og andre?) har sikra seg billett til dei to konsertane på søndag.

Det er no opna opp for at dei som ikkje har fått plass kan få stille seg på venteliste ved å ta direkte kontakt med Operahuset.

I tillegg til Vilde og Anna er også Eirik, Noah, Dina og Karoline med på konsertturnéen.

Frå Tromsø, Harstad og Svolvær i nord, til Stavanger og Kristiansand i sør, besøker MGPjr juleturné til saman 20 stader.

Med seg i sleden har dei sjølvsagt bandet, snømannen - og kanskje kjem nissen?