Mannen er tiltala for 18 gongar å ha drive med framleige av lokale i Trondheim og Bergen, og der han forstod at lokala skulle brukast til prostitusjon eller utviste grov uaktsomheit i så måte. Saka om framleige gjeld i tidsrommet frå mai 2015 til februar 2016. Nordfjordingen skal ha leigd private leilegheiter, for deretter å leigd desse ut til ein eller fleire kvinner som han visste selde seksuelle tenester. Saka skal opp i Sør-Trøndelag tingrett i januar, og det er Statsadvokatane i Trøndelag som har tatt ut tiltale. Han er tiltala etter straffelova paragraf 315 og 202.