Administrasjonen har lagt vedteke langtidsbudsjett til grunn ved utarbeiding av budsjett for 2018. Føreslege investeringsbudsjett for 2017 er på 127,4 millionar, medan langtidsbudsjettet vedteke i juni la opp til å bruke 181,6 millionar i 2018. Reduksjon på 54,2 millionar skuldast at den fysiske utbygginga ved FSS, utover mindre pilotar, først kjem i gong i 2019.

«Hovudsatsinga i 2018 vert nytt Førde sjukehus (NFS) og finansiering av ny MR i Lærdal. I tillegg er det lagt opp til ombyggingar ved sentralsjukehuset, tilrådd av prosjektet «Pasientens helseteneste», som skal legge til rette for framtidsretta og rasjonell drift av sjukehuset. Utover investeringar til bygg er det i investeringsbudsjettet sett av midlar til medisinteknisk utstyr, IKT-infrastruktur og til nye ambulansar. Investeringsbudsjettet for 2018 er krevjande.

Budsjettramma må innrettast slik at vi har høve til å handsame eventuelle havari gjennom året. Tidlegare har avdelingane sjølv vurdert korleis investeringsprosjekta skal gjennomførast gjennom året. Administrerande direktør vil i 2018 vere meir aktiv når det gjeld å frigje investeringsmidlar gjennom året. Dette for å sikre at det finst midlar til å handsame eventuelle havari. Ettersom deler av finansieringsevna er lånt, må kvart prosjekt vurderast nøye med tanke på om vi kan gjennomføre det», skriv administrasjonen i helseføretaket i ei oppsummering av investeringsbudsjettet. Styret i Helse Førde skal handsame investeringsbudsjettet den 15. desember.