Då den kjende tenoren Bror Magnus Tødenes måndag heldt konsert i Eid kyrkje understreka han at han var komen til tjukkaste slekta på Nordfjordeid.

Til stades mellom publikum var nemleg Kari Rasmussen på 83 år. Ho vaks opp på garden Myklebust i Eid og budde her til ho var 19 år. Ho har gått på Eid sitt toårige gymnas, og lærarskulen i Volda.

I sitt vaksne liv har ho budd i Trondheim og er mor til Anne-Grete, som igjen er mor til Bror Magnus.

Anne-Grete reiste sørover igjen og etablerte seg i Eiksund, der Sunnmøre sin store tenor vaks opp.

Men no kan vi altså slå fast at den internasjonale operasongaren også har ein fot i Nordfjord.

Oldefaren kyrkjetenar i Eid

Og tilknytninga til Eid stoppar ikkje her. Far til Kari, August Rasmussen Myklebust, var nemleg kyrkjetenar i Eid kyrkje, i tillegg hadde han jobben som postbod.

Mora Ruth f. Wål, var postassistent og ein ivrig songar i kyrkja. Ho song i kor og hadde fleire soloinnslag i Eid kyrkje. Då Bror Magnus kom til Eid kyrkje måndag var det til same kyrkja der bestemor Kari er døypt og foreldra hans gifte seg.

65 var på konsert

Bror Magnus har halvanna veke fjorten dagar før jul skaffa seg eit pusterom frå den store operaverda for å halde konsert på heimlege trakter.

Konsertserien starta 30. november på Larsnes og blir avslutta 9. desember i Herøy kyrkje. Til saman sju stoppestadar for klassisk jul, akustisk konsert. Sjølv seier tenoren at ein god porsjon heimlengsel er ei viktig årsak til at han vil glede sunnmøringar og nordfjordingar før jul.

–Det er kjekt å synge på ulike scener i Europa. Men det aller kjekkaste er å kome heim til Sunnmøre, seier han som gjerne skulle ha vore med på Opera Nordfjord eit år. Men at det med eit stramt program er vanskeleg å få det til å passe.

Statoils talentstipend

Bror Magnus Tødenes har studert ved Academia de Musica St. Cecilia i Roma/Italia og Institutt for musikk ved NTNUi Trondheim.

Han hadde sin profesjonelle operadebut 21 år gammal i operaen Kibergoddyséen.

Siste året har han vore tilsett i solistensemble ved Wiener Staatsoper, har hatt mange roller der, og medverka i eit 20-tals oppsetningar.

Han har fått fleire talentstipend og utmerkingar. No nyleg vart han tildelt Statoils talentstipend i klassisk musikk, Statoilprisen.