Traseval Grov eller Terøy i Flora og kor vidt ein skulle gi startløyving til Svelgen-Indrehus i Bremanger i den første fireårsperioden var dei største stridstema då fylkestinget onsdag handsama Regional Transportplan (RTP) for Sogn og Fjordane 2018 til 2027. Det var reell usemje om tempo og ambisjon for parsellen. Diskusjonen gjekk på om ein har økonomisk ryggrad til å setje i gang, kontra at det er gunstig å ha eit større igangsett prosjekt når ein går inn i vestlandsregionen.

Det var særleg Ap og Frp som ivra for å kome i gang raskt, for å kome i posisjon. Det vart argumentert med at det er taktisk klokt å ha kome i gang med prosjektet før ein er ein del av den nye vestlandsregionen. Dersom ein ikkje har prosjekt klare som har sine oppstartløyvingar, vil det kunne vere vanskeleg å nå fram, vart det sagt.

Fylkesrådmannen orienterte om at Svelgen-Indrehus har vore kostnadsrekna til 691 millionar kroner, noko som inneber ei årleg meirutgift på mellom 30 og 35 millionar kroner.

Startløyving ligg inne

Senterpartiet og Trude Brosvik (KrF) ville ikkje vere med på noko anna enn planleggingsmidlar. KrF frykta mellom anna at investeringane vil medføre at ein må kutte i drifta elles og kanskje når det gjeld skuleutbygging.

I Ap sitt første forslag låg det inne startløyving til Svelgen-Indrehus på 15 mill. kroner i 2019, vidare med 200 mill. kroner i 2020 og 200 mill. kroner i 2021 samt sluttløyving i 2022 og 2023. Etter gruppemøter og forhandlingar vart det til slutt vedteke følgjande finanisieringsplan for realisering av Svelgen – Indrehus: 15 millionar kroner i oppstartsløyving i 2020, 150 millionar kroner i 2021 og at prosjektet vert fullfinansiert i åra 2022 – 2024. Arbeidet med reguleringsplanen vert starta første halvdel 2018.

Vedtaket vart gjort med eit fleirtal på 17 røyster. (Ap, Frp, H og V). Resten ville nøye seg med at det vart sett av planleggingsmidlar til parsell Indrehus-Svelgen i den første fireårsperioden.

Aleksander Øren Heen (Sp) peika på at Svelgen–Indrehus var ivareteken med at parsellen i tillegg låg på topp på marginallista.

Har vurdert to trasear

På Kystvegen mellom rv. 5 og Myklebustdalen har det blitt vurdert to trasear. Ein via Grov og med opprusting av dagens veg i den grad det er mogleg. Og ein ny trasé frå Brandsøy via Grønenga og Terøya til Terdalen, og deretter i tunnel til Myklebustdalen. Begge løyser dagens problem med Magnhildskartunnelen, då det er føresett at denne tunnelen vert stengd i begge alternativa.

Begge traseane kortar inn strekninga frå Myklebustdalen til Florø. Skilnaden er på knappe 10 minutt. Men berre trasé via Grov kortar inn strekninga Myklebustdalen – Førde. Via trasé over Terøya vert reisetida mot Førde om lag den same som i dag, eller litt lenger, då strekninga vert om lag 5 km lenger.

Begge traseane har god måloppnåing, men med bakgrunn i vektlegging av moglegheit for etappevis utbygging og at Førde er eit viktig regionalt senter også for Svelgen og Måløy, vart traseen via Grov tilrådd av Statens vegvesen.

Strid om trase i Flora

I fylkestinget argumenterte Ap og Frp sterkt for å vente med å ta ei avgjerd om traseval i Flora.

Frank Willy Djuvik (Frp) la vekt på at målet med Kystvegen ikkje er raskast mogeleg framkomelegheit, men å byggje bu- arbeids- og serviceregionar saman, skape næringsutvikling og få til folketalsvekst.

Framlegg frå Ap som gjekk ut på at endeleg val av trase vert fastlagt i samband med planarbeidet fekk 13 av dei 31 røystene og fall (9Ap, 2Frp, 1 H og 1V). Fleirtalet gjekk for å velje traseen som Statens vegvesen har tilrådd via Grov.

Aleksander Øren Heen (Sp) peika på at Kystvegen er meir enn berre ein veg for Florø, det skal også vere ein veg som går inn til andre servicepunkt som Førde. Grov er knutepunktet og ei slik løysing tener kysten best på sikt, argumenterte han.

Den vedteken traseen inneber at Kystvegen skal gå frå Grov til Haukå. Frå Haukå går traseen i tunnel til Myklebustdalen. Frå Indrehus går traseen i tunnel til Svelgen og vidare til Sørdalen med oppgradering av vegen og to nye tunnelar.

Fylkestinget vil ha bru

Ap fekk i fylkestinget fleirtal for sitt forslag der det tydeleg går fram at kryssinga skal gå i ytre, og at det skal vere bru og ikkje ferje på Kystvegtraseen.

I vedtaket heiter det at nordre del av Kystvegen følgjer dagens veg til Rugsundsøya, der den tek av mot Tongane og med bru over Nordfjorden til Biskjelneset. Deretter koplar traseen seg på Rv15 og følgjer den til Bryggja og vidare med utbetring av Fv 61 til Naveosen.

Senterpartiet var litt delt i synet på å gå rett på bru utan å opne for å gå via ferje. Det vart peika på at det er planar om tre brukryssingar over Nordfjorden, noko som kanskje ikkje er særleg realistisk. Alternativt kunne ein lagt til rette for ei kortare ferje enn dagens.

Venstre sine to representantar stemde saman med fleirtalet for bru i ytre Nordfjord.

Viktig at ferja ligg inne

Fylkespolitikar og Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er godt fornøgd med utforminga av RTP, og karakteriserer det som ein god samla plan. Han peikar på at når det gjeld Kystvegen så har ein no fått avgjort trasevalet der stridsspørsmålet har vore via Grov eller Terøy. Og det er klargjort at ein kjem i gang med den første parsellen, Svelgen-Indrehus, mot slutten av den første fireårsperioden.

– Diskusjonen om Kystvegen er ferdig. Og det er kjempeviktig at det ligg som eit eige punkt at ferjesambandet Stårheim-Isane skal oppretthaldast. Frå Eid si side har det vore eit veldig viktig poeng når Kystvegen først skal om Måløy-Oldeide, seier Bjørlo. Han peikar på at med kryssing i ytre er ferja svært viktig å oppretthalde, ikkje minst for bygdene Davik, Ålfoten og Isane.

– Då er det vel klart for å ønskje også dei på sørsida av fjorden velkomne til nye Stad kommune?

– Vi ønskjer alle velkomne. Dersom dei sjølve ønskjer det, så er dei velkomne, ler Eid-ordføraren.

Bjørlo er også godt fornøgd med at ein kjem i gang med mindre utbetringar på rv. 57 i Fjaler som er ein flaskehals som det er enormt viktig å få utbetra. Han har sjølv den siste tida køyrt der ein god del, og har fått knust frontruta si på grunn av steinsprang. Fylkestinget løyvde 60 millionar kroner til å starte med utbetringar der.