Rett etter at det vart klart at Bryggja får bli ein del av Stad kommune frå 1. januar 2020, møttest partar frå Eid, Selje og Vågsøy for å avklare situasjonen rundt Bryggja skule. Der er det som kjent eit kommunestyrevedtak frå Vågsøy om nedlegging.

Eitt av spørsmåla som vart stilt frå Eid og Selje, var kva som måtte til for å overta drifta av Bryggja skule frå komande haust.

– Krava som vart stilt frå Vågsøy innebar samla kostnader på fem-seks millionar kroner, og det har vi ikkje sjanse til å ta på oss, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

– Kunne vore gjort meir

Avtalen som vart inngått mellom Eid, Selje og Vågsøy inneber blant anna at barneskuleelevar frå Bryggja skal kunne gå på Skavøypoll eller Stårheim skule frå og med hausten 2018.

– Eg synest det heile gjekk lovleg kjapt, og det var lite folk involvert. Det kunne vore gjort meir for å få til ein avtale som er betre, meiner leiar i Bryggja utviklingslag, Øystein Hessevik.

Det blir no jobba for å gjere om nedleggingsvedtaket til Vågsøy kommunestyre. Nyleg sende Foreldrearbeidsutvalet ved Bryggja skule eit skriv til Fylkesmannen, der dei ber om omgjering av vedtaket.

– Det blir også jobba gjennom andre kanalar for å stoppe nedlegginga av skulen, fortel Hessevik, som legg til at ein har byrja å diskutere alternativet om oppretting av privatskule.

– Primært vil vi behalde den kommunale skulen, men privatskule kan bli eit alternativ. At skulen i Kjølsdalen går i pluss og er i utvikling, gjer nok dette meir aktuelt, seier han.

Dersom det endelege resultatet blir nedlegging, ser han på det som svært uheldig at barneskuleelevar frå Bryggja kan bli spreidd på fleire skular.

– Det er ikkje kapasitet til alle elevane frå Bryggja på éin skule. Personleg trur eg dei fleste foreldre vil ønskje sine barn til Kjølsdalen, seier Hessevik.

I dag var det møte i fellesnemnda for Stad kommune. Der var eitt av framlegga at Eid og Selje tilbyr to representantar for Arbeidsgruppa på Bryggja møte- og talerett i fellesnemnda sine møte.

– Dette vil vere ein viktig kanal for å fremje skulesaka. Det er i alle fall ikkje tvil om at det bør kunne jobbast meir med å finne ei løysing, seier Hessevik.