Fredag opnar ein opp dørene til BUA Eid. Dette blir første BUA i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, men fleire kjem etter.

Her har ein gratis utlån av utstyr til friluftsliv og aktivitet til privatpersonar, skular, lag og organisasjonar i Eid kommune.

– Vi håper og trur dette er eit etterlengta tilbod. Vi trur det er ein del som kan tenke seg å prøve nye aktivitetar, men som manglar utstyr. No kan dei kome til oss, og vi hjelper dei, seier Åse Huse, primus motor for BUA på Eid. Bak LA-bygget på Langeland har ein no fylt opp eit lokale med alt du kan tenkje deg av sports- og friluftsutstyr.

Fleire tilskot

– Vi fekk først 250.000 kroner frå Barne-, ungdom- og familiedirektoratet. Dei delte ut restmidlar no i september, og då fekk vi ytterlegare 150.000 kroner som dei einaste i Sogn og Fjordane. Og så har vi nettopp fått 30.000 frå Nordrikk. Det gjer at vi no kan stille med mykje utstyr, fortel Huse.

Utstyrsbanken er eit samarbeidsprosjekt mellom Eid kommune og Eid Frivilligsentral, og er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Hovudmålgruppa er barn og unge, og BUA står for barn og unge i aktivitet.

Samarbeid

Bak BUA har ein med både NAV på Eid, LA-senteret, Frivilligsentralen og Flyktningtenesta. – Vår fokus bak er folkehelsa, seier Huse i Frivilligsentralen. Så om du ønskjer å prøve nye aktivitetar, men manglar utstyr, så kan du vende deg til BUA og låne ei veke.

– Våtsport som kanoar har vi i naustet i Osvika. Vi kan også tilby takfeste/hengar om lag og organisasjonar skal arrangere noko, fortel ho.

Og er det ski- eller sykkeldagar på skule og barnehage, og du manglar utstyr, er det berre å ta kontakt. Mangel på utstyr skal ikkje lenger vere til hinder for at du ikkje blir med.

– Vi har også turutstyr, kokeutstyr, stormkjøkken, soveposar, og ein del utstyr til friluftsleik. Vi har overtatt ein del utstyr etter at Malakoff Rockfestival var over, og så har vi fått ein del. Gjenbruk av det som barn har vakse ut av men som er for godt til å bli kasta. Vi tar imot utstyr om folk vil gi, seier ho.

BUA Eid har utstyr til både sommar- og vinteraktivitetar, til overnatting, matlaging, fisking, sykling, padling og leik. Du kan låne utstyr til nett det du likar eller utfordre deg med aktivitetar du aldri har prøvd før.

– Stor honnør til dei som har dratt dette i gang. Det er på grunn av lokale eldsjeler at det har blitt løfta opp og fått det så allsidig, rosar ordførar Alfred Bjørlo.

– Håpet er å få fleire aktive, seier Åse Huse (t.v.), her i lokala på Langeland.
Truger og alt mogleg anna av sport- og friluftsutstyr kan ein låne på BUA Eid.
Voluntør Janis Binder har laga ein fargerik veggdekor i BUA sine fargar.