Og gjestane var foreldra til elevane ved Eid ungdomsskule. Det var 17 elevar frå Arbeidslivsfag som hausta lokalmat frå naturen i førre veke. Frå Kjølsdalen i vest til Lotsberg i aust henta dei inn råvarene til ein smakfull middag. Der til og med løken var dyrka lokalt, rett over grensa til Sunnmøre.

Prøver seg fram

Arbeidslivfag er eit valfag som elevane kan velje alle tre åra på ungdomsskulen. Det er delt opp i ulike pratiske fag som blir gjennomført i ulike tidsbolkar. Denne hausten er det matlaging som har stått på programmet. Tidlegare har dei også vore innom til dømes bygg og anlegg, elektrofag og naturbruk. Dette er fag som høver aller mest for dei som tenkjer ei utdanning innan praktiske fag vidare, opplyser lærar Ståle Sandal. Tema som elevane får møte på Eid ungdomsskule er tett linka opp mot ulike programfag ved yrkesretta utdanning på Eid vidaregåande skule. Dette med unntak av restaurant- og matfag, der elevane har vore på besøk ved Måløy vidaregåande skule.

Bålgrop

Tidlegare i haust har elevane fått prøve seg på enkle rettar innan matlaging. Der det har vore retta særleg fokus på å utnytte lokale råvarer. Til dømes har dei steikt svinekjøt i ei bålgrop ved skulen. På menyen fredag i førre veke var det først grønnsaksuppe til forrett, hjortegryte med potetmos til hovudrett, tilslørte bondepiker og gulrotkake til dessert. Og om nokon skulle vere i tvil;eplene var lokale frå Stårheim.