(Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad)

Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad

Navelsaker blir ståande


Nytt håp for vegen til Navelsaker

Står på 3.-plass

 

 

Ap har trekt framlegget som Åshild Kjelsnes tidlegare kom med på fylkestinget i dag om å stryke Navelsaker frå 3. plassen på rassikringslista. Det inneber at Navelsaker blir ståande.

  Fylkestingsmedlem Alfred Bjørlo (V) er glad for dette. Han meiner det er viktig at Navelsaker-vegen blir rusta opp.

-  Dette er ei bygd med tilflytting, også av barnefamiliar, og som faktisk ligg berre 30 minutt køyring frå Nordfjordeid, påpeikar Venstrepolitikaren.