Skulekjøkenet vert rekna som «hjartet» i drifta av skulen i Kjølsdalen, og det er difor ikkje tilfeldig av nettopp dette rommet vart prioritert først når investeringsmidlar skulle nyttast.

– Det har vore samla inn pengar frå lokalmiljøet i løpet av dei siste to åra. Over 200.000 kroner har ein klart å stable på beina av eigenkapital berre frå lokale lag og organisasjonar, samt frå gåvmilde privatpersonar. I tillegg fekk skulen nytte seg av driftsoverskot frå 2016, slik at ein i lag med støtte frå banken har klart å få finansiert prosjektet, som har kosta om lag 700.000 kroner, på ein fornuftig måte, seier rektor ved Kjølsdalen Montessoriskule, Thomas Hals.

I veke 40–45 har skulen måtte flytte all kjøkenaktivitet ut i fellesarealet sentralt i skulen.

– Den daglege lunsjen, som barn og vaksne både lagar og et i lag, har måtte nytast på ein noko meir provisorisk måte enn vanleg. Men når det nye kjøkenet no står klart, meiner både tilsette og elevar at det har det vore verdt, seier Hals.

Fornya frå golv til tak

Kjøkenet dei no kan ta i bruk til dagleg har vorte fornya frå golv til tak. Til saman vil alle vegger, tak, vindauge og lyskjelder stette krava for eit profesjonelt kjøken. Innreiinga er kjøpt lokalt med Espe Trevare i Hjelmelandsdalen. Til vasking har ein no både vanleg oppvaskmaskin og steammaskin. Hev-senk-benk er flott for små elevar å kunne arbeide på. Denne inneheldt også platetopp. Ein kombidampmaskin vil nok gjere matproduksjonen enklare og raskare når over 40 munnar skal mettast til dagleg. Bakom kjøkenet er det i tillegg laga til eit heilt nytt kjølerom der skulen kan lagre alt av mat og drikke som nyttast. Her er også laga til ny inngang på nordsida av bygget som skal fungere som vareinngang framover, fortel Thomas Hals.

Snorklipping

Onsdag kunne altså stolte elevar og tilsette syne fram kjøkenet til lokalmiljø og entreprenørar som har vore med på prosjektet. Skulen var fylt med svoltne og nysgjerrige gjestar, og då snora vart klipt av ein av dei sentrale dugnadsarbeidarane frå lokalmiljøet, Lars Frode Humborstad, stod jubelen i taket! Så mykje folk møtte opp at det vart noko smått med middagsmat for alle, men i god kjølsdalsånd var det nok av kake, seier rektor Thomas Hals.

Eit flunkande nytt skulekjøken, som vil bli mykje brukt både av skulen og bygdefolket i Kjølsdalen. Foto: Privat
Leverandørane var inviterte til opninga, og takka med eiga kake. Foto: Privat