Åshild Kjelsnes (Ap)

Åshild Kjelsnes (Ap)

Ap vil ta ut rassikring av Navelsakervegen

Under handsaminga av Regional Transportplan (RTP), som pågår på fylkestinget i dag, har Åshild Kjelsnes (Ap) kome med framlegg om å ta ut rassikringa av fylkesvegen til Navelsaker.


Fjordabladet melde nyleg om at det var nytt håp for vegen til Navelsaker. Bakgrunnen var at rassikring av fylkesveg 664 til Navelsaker av fylkesutvalet vart flytta opp til 3.-plass på prioriteringslista.


Nytt håp for vegen til Navelsaker

Står på 3.-plass

 

Kjelsnes grunngav i dag Ap sitt forslag om å ta ut Navelsaker med at det går eit kryssingspunkt for kva ein kan forsvare  når det gjeld bruk av ressursar for å sikre veg til veldig små bygder.  Ho viste til parallell i samband med ny veg til Otterdal der dei heller ikkje fekk rassikring, og at ho opplevde at der då var ei semje i fylkestinget om at dei to rassikringsprosjekta skulle skrinleggast.

–  Dei aller minste bygdene våre må  ein prøve å finne andre løysingar på, andre kompenserande tiltak, sa Kjelsnes.