Lensmann Tormod Hvattum stadfestar at det først og fremst gjeld butikktjuveri på Amfi Nordfjord. Problemet er særleg knytt til ungdom, og lensmannen er bekymra for nokre årsklassar i ungdomsskulealder. No ønskjer ein å sette ein stoppar for den negative trenden, og politiet har vore på skulen for å snakke med elevane.

Denne trenden må sjølvsagt ta slutt. Foreldre må også sterkare på bana. I denne saka er det eit foreldreansvar som må takast på alvor. Sjølv om vi er i 2017 må vi som foreldre lære våre håpefulle kva som er rett og gale, og forskjellen på mitt og ditt.

I går kveld inviterte Foreldreutvalet ved Eid ungdomsskule alle føresette til temakveld om oppvekstmiljøet i Eid. Tema var mellom anna rus, steling og åtferd. Her var også politiet til stades for å informere om kva som rører seg i bygda. Å få eit samspel mellom politi, skule og ungdom/foreldre er viktig.

Kvifor ungdom stel kan det vere fleire grunnar til. Nokre jagar etter å ha same tinga som andre, sjølv om ein ikkje har råd til det. Andre kan stele for å tøffe seg for andre medelevar.

Det fleire gløymer er at butikktjuveri kan få alvorlege følgjer dersom ein får det på rullebladet. Det kan sette ein stoppar for yrkesval, i tillegg til at ein kan bli nekta visum for eksempel til USA. Det er slike ting ein kanskje ikkje tenkjer heilt over når ein er 14-åring.

Men opp i det heile er det viktig å huske på at det er mykje flott ungdom i Eid. Det er ikkje alle ungdommar som stel, berre eit fåtal av dei ca. 300 ungdomsskuleelevane vi har. Dei som stel er med å øydelegge ryktet for alle dei som ikkje stel, og vi veit at mange ungdommar føler seg uglesett når dei kjem på senteret. Dei føler seg hengt ut – utan grunn. Vi trur det er viktig at ungdomen sjølv står opp mot steling, og seier klart ifrå til kvarandre at det ikkje er greitt.