Ein førar fekk bruksforbod for sikthindring og ein for køyring med truck bak, montert på køyretøyet. Trucken tilfredstilte ikkje kravet som underkøyringshinder på køyretøyet.

Ein  førar fekk skriftleg advarsel for brot på regelverket kring køyre- og kviletid.

Og ein førar fekk gebyr for manglande kjetting.

I alt var det 22 tunge køyretøy som blei kontrollerte av Statens vegvesen på Kjøs i dag.