– No er tida inne for å løfte blikket og sjå framover på arbeidet vi har føre oss dei neste to åra, det er ein stor og gjennomgripande jobb. Sogn og Fjordane er eit ressursrikt fylke med mange flinke folk, og vi har ingen grunn til å stå med lua i handa i møtet med meir folkerike Hordaland, slår Jenny Følling fast i talen sin til fylkestinget 5. desember.

Målet er nytt og livskraftig fylke

Regionreforma var tema i den halvårlege talen – som reforma har vore gjennom heile 2017. Året starta med forhandlingar med Hordaland og ein intensjonsplan om samanslåing, som dei to fylkestinga velsigna i starten av februar. Sidan har reforma vore tema i ulike forum og med ulike vinklingar.

No er samanslåing vedteken av Stortinget, og frå 1. januar 2020 vert Sogn og Fjordane og Hordaland eitt fylke.

– Visjonen må vere eit nytt og livskraftig fylke på Vestlandet. Målet i intensjonsplanen er at vestlandsregionen skal vere ein sterk, attraktiv og kompetent samfunnsutviklar, som yter gode tenester på regionalt folkevalt nivå. Vi må sikte høgt og vere ambisiøse, seier fylkesordføraren.

Skal ta med oss det vi er gode på

Ho trekte fram blant anna dei vidaregåande skulane som døme på område der Sogn og Fjordane har utmerkt seg og vist at ein ikkje nødvendigvis treng å vere stor for å vere god. Gode skuleresultat og lite fråfall har i ei årrekkje kjenneteikna fylket, og i haust fekk Firda vidaregåande skule på Sandane Dronning Sonjas skulepris for likeverd og inkludering.

– Prisen er ei stor anerkjenning av arbeidet ved skulen, i opplæringsavdelinga vår og i hovudutvalet for opplæring. Dei fortener alle ros, og vi må halde fast på og utvikle den gode skuletradisjonen i heile det nye vestlandsfylket, seier Følling.

Skal utvikle både by og land

Fylkesordføraren er også oppteken av at det nye fylket skal utvikle både byane og distrikta – og ikkje minst samspelet og balansen mellom dei.

– Vi i Sogn og Fjordane har lang erfaring med å drive tenester i eit distriktsfylke, og vi har mykje kunnskap om å ta vare på og utvikle distrikta. Det skal vi halde fram med. Intensjonsplanen slår fast at vestlandsregionen skal tilby brukarnære og gode tenester, og ein effektiv og desentralisert tenestestruktur, seier Følling.

Skal ta rommet og krevje det vi treng

Ho er oppteken av å ta med dei gode kvalitetane i Sogn og Fjordane – og ikkje minst dei flinke folka – når vi gå inn i ein ny region. Følling trekte fram fleire suksesshistorier frå fylket for å vise at det ikkje er nokon grunn til å stå med lua i handa i tida framover.

– Målet vårt må vere å bygge ein sterk vestlandsregion som rustar oss for framtida. Vi må bygge eit livskraftig fylke med sjølvtillit, identitet og styrke. Vi skal ikkje vere redde for å ta rommet og krevje det vi treng for å nå måla våre, oppmodar fylkesordføraren, før ho avslutta med at ho håpar dagens fylkestingsmøte kan vere ein verkstad for korleis alle kan bidra til å skape eit sterkt vestlandsfylke.