Det er Helse- og omsorgsdepartementet som i dag offentleggjer dette. Løyvinga kjem i samband med at Helse- og omsorgsdepartementet har plukka ut 11 kommunar/bydelar i Norge til å gjere pilotforsøk med primærhelseteam i tre år (2018-2021). Til dette pilotprosjektet er det løyvd til saman 55 millionar kroner.

Eid kommune skal i tillegg til å vere éin av dei 11 kommunane som skal delta i prosjektet med primærhelseteam, altså leie eit eige pilotprosjekt for digital avstandsoppfølging av pasientar.

– Vi skal no prøve ut korleis ein best muleg kan følgje opp pasientar der dei bur, blant anna for å redusere belastinga med transport og flytting. Vi skal enkelt sagt finne ut kva som fungerer og ikkje, som jo er noko av essensen i eit pilotprosjekt. Det er klart at vi er inne på ukjent terreng, og at dette er heilt ferskt for oss. Likevel er det klart at vi må få inn teknisk kompetanse til dette pilotprosjektet, då vi bevegar oss i brytninga mellom helse og teknologi, seier kommuneoverlege i Eid, Thomas Vingen Vedeld.

– Tillitserklæring

Eid-ordførar Alfred Bjørlo er svært glad for at ein er plukka ut til å leie dette nybrottsarbeidet.

– Vanlegvis er det departement og direktorat som sjølve tar leiinga over slike pilotprosjekt. No er altså ansvaret for å utvikle modellar gjeve til Eid kommune. Det er ei tillitserklæring til Eid kommune og det samla helsefaglege miljøet vi har, meiner Bjørlo.

Fleire skal koplast på

Eid blir første kommune i Norge som skal prøve ut både primærhelseteam og digital avdtandsoppfølging.

– Til ei forsterka satsing på digital avstandsoppfølging blir det no sett av 10 millionar kroner i 2018. Her får Eid ei heilt sentral rolle, men det skal også koplast på forsøk i andre kommunar. Her er det til saman snakk om minst 400 pasientar i to fylke - Sogn og Fjordane og Østfold. Dette kjem i tillegg til dei 55 millionane til gjennomføring av primærhelseteam i 11 kommunar/bydelar i Norge, der Eid kommune er éin av dei 11, seier Alfred Bjørlo, som understrekar at heile saka er så fersk at ein ikkje har fullstendig oversikt over korleis den praktiske gjennomføringa vil bli.Yngve Tolaas