– Vi kan også glede oss over at resten av Vestlandet har solid nedgang i arbeidsløysa etter ein tung periode som følgje av oljekrisa, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes. 
            (Foto: Arkiv)

– Vi kan også glede oss over at resten av Vestlandet har solid nedgang i arbeidsløysa etter ein tung periode som følgje av oljekrisa, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes. Foto: Arkiv

Lågast arbeidsløyse i landet

Sogn og Fjordane har den lågaste arbeidsløysa i landet.

Ved utgangen av november var det 784 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 128 færre enn for eitt år sidan og svarar til ein reduksjon på 14 prosent. Med ei arbeidsløyse på 1,3 prosent, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet.

– Auka bruk av arbeidsmarknadstiltak og få permitterte bidreg til den positive utviklinga, men vi har også ein generelt god arbeidsmarknad. Vi kan også glede oss over at resten av Vestlandet har solid nedgang i arbeidsløysa etter ein tung periode som følgje av oljekrisa, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 18 prosent frå same månad i fjor. Det er no 64 216 heilt ledige, tilsvarande 2,3 prosent av arbeidsstyrken.

Mange kommunar med nedgang

16 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i november, mens 3 har uendra arbeidsløyse. Størst reduksjon har Vågsøy med 23 færre ledige enn på same tid i fjor.

I dei kommunane som har ein auke i arbeidsløysa, er det berre snakk om ein mindre auke.

Hyllestad, med 3,6 prosent, har høgast arbeidsløyse i Sogn og Fjordane.

Hornindal med 0,3 prosent og Gulen med 0,6 prosent, har lågast arbeidsløyse.

Elles er det verd å merke seg at mange av dei større kommunane i fylket har svært låg arbeidsløyse. Sogndal, Førde, Eid, Gloppen og Stryn har alle ein arbeidsløyse på 1,0 prosent eller lågare.

Størst nedgang innan industri

Samanlikna med november i fjor, har arbeidsløysa gått ned i alle næringsgrupper, sett bort frå butikk- og salsarbeid og serviceyrke. Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan industri med 61 færre ledige og reiseliv og transport med 24 færre. I industrien er det no berre 154 heilt ledige, noko som til dels skuldast låge permitteringstal.

I november var det 56 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 15 færre enn same månad i fjor. 18 av desse kjem frå bygg og anlegg og 21 frå industri (av dette berre 3 frå fiskeindustrien).

Færre langtidsledige

Vi registrerer ei positiv utvikling for dei langtidsledige, med 47 færre langtidsledige over 26 veker, noko som svarar til ein reduksjon på 22 prosent.

Tilgangen av registrerte ledige stillingar har litt uventa gått ned med 19 prosent, samanlikna med november i fjor.