Han reagerer på reportasjen i Fjordabladet fredag om auka nasking på Amfi Nordfjord, der også politiet uttala seg om auke i butikktjuveri i haust.

– Eg høyrer frå både mine og andre ungar at dei føler ubehag med å gå inn på senteret fordi dei føler seg som butikktjuvar. berre med å gå inn. Fleire har opplevd å bli visitert i sjølvbeteningskassa midt i verste handletida. Det blir ikkje ein gong sagt unnskyld om ting er ok. Dei fleste ungdommane forstår at dei ikkje skal naske, men føler dei blir sett på som kriminelle, hevdar faren.

– Eit smil og ein hyggeleg kommentar om at ein berre må ta stikkprøver innimellom trur eg alle skjønar hadde vore greitt, seier han. Han påpeikar at dei aller fleste ungdommane våre i Eid er flotte og rederlege ungdommar som fortener betre.

– Dessutan trur eg at det dessverre og finnast vaksne som naskar, kommenterer faren.

Han meiner ein må spele på lag med ungdommen for å gjere problemet mindre.

– At politiet uttalar at dei er bekymra for enkelte årskull og nemner ungdomsskuleelevar som spesielt, er og noko eg reagerer på. At ca. 300 elevar skal gå og bli hengt ut slik er slett ikkje bra, meiner faren frå Nordfjordeid.