Torsdag eller fredag er det nokon som har gjort hærverk på eit gammalt jernkors på ei grav ved Eid kyrkje.  
            (Foto: Privat)

Torsdag eller fredag er det nokon som har gjort hærverk på eit gammalt jernkors på ei grav ved Eid kyrkje. Foto: Privat

Hærverk på gravstøtte ved Eid kyrkje

– Dårleg adventstart

Rett før helga har nokon gjort hærverk på kyrkjegarden ved Eid kyrkje. Eit gammalt jernkors er brote tvert av.

– Dei fleste møter adventstida med glede og forventning, men dessverre er det også nokon som brukar tida og kreftene sine på å gjere andre triste og lei seg, fastslår kyrkjeverje Kristen Hundeide.

Ein gong mellom torsdag kveld og fredag morgon har nokon rett og slett brote av eit gamalt jernkors som stod på ei av gravene tett ved Eid kyrkje.

– På nokre av gravene står der slike jernkors som gravminne. Sidan dei er av jern rustar dei naturleg nok med åra, men det korset som no er øydelagt var nyleg pussa opp, nylakka, og tok seg svært pent ut, fortel kyrkjeverja.

– Må ha brukt krefter

– Korset er brote tvers av, så det har vore brukt ein god del krefter på dette, seier ein oppgitt og irritert Hundeide.

– Det er trist at nokre ikkje har betre ting å ta seg til enn å øydelegge gravminne, og eg lurer på om dei tenkjer over kor vondt dette kan gjere for familien til den gravlagde, seier Hundeide.

Vondt for pårørande

– Vi ser ofte at gravminna betyr mykje for pårørande, og særleg synleg er dette i samband med høgtidene. Dette spesielle gravminnet hadde pårørande brukt både tid og ressursar på å halde pent, så det er tydeleg at dette betydde noko spesielt. Då er det endå vondare å få det øydelagt ved reint hærverk. Vi skal sjølvsagt gjere det vi kan for å få reparert skaden. Men brotet vil uansett verte synleg, og korset vert ikkje lenger så fint som før, fortel kyrkjeverja.

Blir meldt til politiet

Slike hærverk vert automatisk melde til politiet.

– Vi ber dei som eventuelt veit noko om dette om å tipse politiet. Vi oppmodar også dei skuldige om å melde seg slik at dei kan få skværa opp med familien og møte julehøgtida med godt samvit. Dette var uansett ein svært dårleg måte å starte adventstida på, seier kyrkjeverje.