Bryggja blir flytta. Kommunalminister Jan Tore Sanner la mest vekst på synspunkta frå Bryggja då han sa ja til at Bryggja skal bli ein del av Stad kommune. Det er også lagt vekt på at ei flytting av Bryggja til Stad vil gjere den nye kommunen meir funksjonell og samanhengande.

Eit stort fleirtal av innbyggjarane på Bryggja, Totland og Maurstad ønska å flytte frå dagens kommune til den nye storkommunen med Selje/Eid frå 2020. Initiativet kom også frå bygda sjølv.

Vi ønskjer dei 541 innbyggjarane i Bryggjaområdet velkomne. Men vi hadde eigentleg ikkje trudd at departementet skulle kome fram til noko anna. Alle signal tyda på at fleirtalet av innbyggjarane ville bli høyrde denne gong, sjølv om Vågsøyordføraren ikkje har vore samd.

Det har vore ei vanskeleg sak, og utfordringane er ikkje over.

Kva som skjer med skulen på Bryggja er framleis eit høgaktuelt stridstema. Vi forstår argumentet frå FAU som seier at ein ikkje kan legge ned skulen etter departementet sitt vedtak. Blir den først nedlagt er det svært vanskeleg å starte den opp igjen – sjølv i ein nye kommune.

Utviklingsleiar Øystein Hessevik har ikkje sett noko framtid for Bryggja i Kinn kommune, og utkantproblematikken ville nok blitt forsterka.

No vert det nye tider, og Vågsøy, Selje og Eid må få til gode ordningar for tida fram til 2020. Det vert viktig med godt naboskap og samarbeid over grensene – også for framtida.