Nye attraksjonar trekkjer fleire cruisturistar til Nordfjord, og sesongen 2018 ser ein effekten av Loen skylift. Her er cruiseskipet MS Preziosa med plass til 4345 passasjerar og anløp Olden 12. juni 2018.

Ny rekord med 96 cruiseskip til Olden

Cruisesesongen 2018 kjem det 96 cruiseskip til Olden, der Hoven trekkjer fleire cruiseturistar.

Det er ny rekord for Nordfjord Havn, der også eit skip kjem til Sandane.

Sesongen 2017 var det 92 anløp til Olden.

Frå Nordfjord Havn blir det opplyst at dei no ser effekten av Loen skylift, Hoven. Ein ny attraksjon som trekkjer fleire cruiseturistar til Nordfjord. Allereie sesongen 2018 vil ein sjå effekten av Hoven, men ein ventar at dei store ringverknadane kjem først frå 2019.

Talet på cruiseskip til Nordfjord har auka jamnt dei siste femten åra. I 2004 var det under 50 cruiskip til Olden.

MS Preziosa er eit av dei største skipa som kjem i år med plass til 4345 passasjerar, med anløp Olden 12. juni. Elles kjem også dei store søsterskipa Queen Elisabeth og Queen Victoria.