Bryggja skule. 
            (Foto: Inger Træen)

Bryggja skule. Foto: Inger Træen

Bryggja skule:

Held fast på nedlegging

Vågsøy kommune har gjort vedtak om nedlegging av Bryggja skule frå hausten 2018. Kommunane, Eid, Selje og Vågsøy, er innstilt på at foreldra alt for skuleåret 2018/19 kan søke om opptak anten på Skavøypoll skule eller på Stårheim skule.

Det kjem fram i eit referat frå eit møte ordførarar og rådmenn i Selje, Eid og Vågsøy hadde  i Måløy fredag 1. desember 2017. Bakgrunnen for møtet var å bli einige om vidare prosess for grensejustering for Bryggja inn i nye Stad kommune frå 1.1.2020.


 

I referatet frå møtet heiter det at kommunane sitt omforeinte framlegg til vidare prosess er som følgjer:

• Rådmennene vil utarbeide ein samla prosessplan for grensejusteringa. Prosessplanen vil vere klar på nyåret 2018.

• Når det gjeld skule, tek ein utgangspunkt i at Vågsøy kommune har gjort vedtak om nedlegging av Bryggja skule frå hausten 2018. Kommunane er innstilt på at foreldra alt for skuleåret 2018/19 kan søke om opptak anten på Skavøypoll skule eller på Stårheim skule. Dette for at elevar skal sleppe å skifte skule fleire gonger som konsekvens av grensejusteringa. Det vil bli arbeidd nærare for å avklare dei praktiske og økonomiske vilkåra for dette, herunder klasse-storleik og klassedeling.

• Kommunane er innstilt på at elevar som går ut frå Bryggja skule våren 2019, kan søke om opptak anten på Vågsøy ungdomsskole eller Eid ungdomsskule for skuleåret 2019/20. Vågsøy kommune vil tilby alle som har starta på Vågsøy ungdomsskule per 1.1.2020 å fullføre løpet her. Siste elev går i tilfelle ut våren 2022. Vågsøy ber kostnadene ved dette.

• Kommunane vil i fellesskap og i samarbeid med fylkeskommunen, etablere tenlege skyssløysingar for å gjere dette så smidig som mulig.

• Etter 1.1.2020 er nye Stad kommune skulekommune og ansvarleg for grunnskuleopplæringa for elevane på Bryggja, og organiseringa av dette.

• Dei som er folkeregisterført og bur i omsorgsleilegheit på Bryggja, vil få bu der vidare ved overgangen til ny kommune 1.1.2020.

Dei ulike elementa knytt til grensejusteringa vil bli behandla politisk i dei aktuelle kommunane i tida fram til 1.1.2020.