Rassikring av vegen ligg ikkje inne i handlingsplanen for dei fire første komande åra, men medlem i fylkesutvalet, Sigurd Reksnes (Sp) er svært godt fornøgd med at dette vegprosjektet har styrka posisjonen sin. Viss tilrådinga frå fylkesutvalet blir ståande, er det godt håp om å få dette realisert.

Det har vore ein lang kamp for å få sikring av vegen til Navelsaker. Prosjektet har tidlegare stått høgt oppe på listene, men har blitt flytta nedover, med den grunngjevinga at der ikkje lenger var skulebarn i bygda.

No har det flytta fleire familiar til Navelsaker, og der er barn som skal byrje på skule. Reksnes fortel at det var dette som var utslagsgjevande for at ein no har fått prioritert opp skredsikring av dette vegsambandet.

Reksnes er glad for at arbeid med tunnel og utbetringar av fylkesvegen til Honningsvåg er starta opp, og første prosjekt på lista vidare er eit prosjekt i Askvoll, deretter kjem Flovegen i Stryn, og no altså Navelsakervegen som nummer tre på marginallista.

Vart flytta opp

Reksnes peikar på strekninga Fv 620 Kjøde-Sandvik, som ei svært viktig strekning å få utbetra, ikkje minst for å betre tilknyting i samband med at arbeidet med skipstunnelen skal startast opp. Denne strekninga vart i fylkesutvalet flytta opp på 3.-plass i investeringsprogrammet for mindre investeringar.

På den same lista låg Torheimsvegen på sisteplass i fylkesrådmannen si tilråding, men har no blitt prioritert opp på 8.-plass. Finansiering av ny bru på Hundeide er allereie vedteke.

– Dette inneber at det er fleire prosjekt som no er godt posisjonerte inn mot neste rullering om fire år. Dersom ein jobbar godt politisk, er det gode mogelegheiter for å kome i gang med både rassikring av Navelsakervegen og utbetring av Kjøde-Sandvik i neste fireårsperiode, seier Reksnes.

Gang- og sykkelvegar

Reksnes er også godt fornøgd med at fylkesutvalet tok med formuleringar frå Eid sitt innspel om gang- og sykkelvegar. Det har aldri før blitt bygt så mykje gang- og sykkelveg, men med ein fordelingsnøkkel knytt opp mot folketal, blir det meste styrt inn mot sentrale strøk og det vert lite midlar til utbygging i Sogn og Fjordane. Sp-politikaren seier at det må gjerast andre prioriteringar nasjonalt, dersom det skal kome meir midlar hit.

Innspelet frå Eid kommune om gang og sykkelvegar vart innarbeidd i uttalen etter at Reksnes foreslo det. Her heiter det: «Fylkestinget i Sogn og Fjordane er positive til auka satsing på kollektivtrafikk, gåing og sykling i Nasjonal transportplan generelt. Vi kan ikkje ut frå dette akseptere at det då samtidig er redusert satsing på gang- og sykkeltiltak på riksvegnettet i Sogn og Fjordane i handlingsprogrammet for 2018–23. Fylkestinget ber om at fleire gang- og sykkeltiltak på riksvegnettet i Sogn og Fjordane som er viktige for trygge skulevegar og/eller mindre bilbruk i tettstadar blir lagt inn i handlingsprogrammet».

Byrkjelo-Sandane

Reksnes er også svært oppteken av at ein må skunde på opprustinga av Byrkjelo- Sandane slik som Stortinget har sagt. Der er det mykje trafikk og eit stort behov. Her fekk Sp og KrF fleirtal i fylkesutvalet for å ta med at ein skal ta dei verste flaskehalsane allereie i første del av planperioden i fylkeskommunen sin høyringsuttale. I tilrådinga frå Fylkestinget vert det synt til at eit breitt fleirtal på Stortinget i innstillinga til NTP 2018–29 bad om at ein kom i gang med dei mest prekære utbetringstiltaka på E39 Byrkjelo-Sandane allereie i første del av planperioden.

og at fylkestinget føreset at dette blir tatt omsyn til i det endelege handlingsprogrammet for NTP.

Fylkesutvalet strekar også under at det er svært viktig å få utbetra rv15 Strynefjellet. Dei meiner det er uakseptabelt å ikkje setje tunnelane på Strynefjellet i stand med same frist som tunnelforskrifta, 2020.

FYLKESUTVALET: Sp-politikar Sigurd Reksnes er medlem av fylkesutvalet i Sogn og Fjordane. Foto: Arkivfoto frå fylkestinget