Bandet la opp for 12 år sidan, og gjer no eit comeback. Dei skal spele på Bukta-festivalen i Tromsø og på Malakoff på Nordfjordeid. I tillegg er dei booka til Azkena Rock Festival i Spania.

På Gluecifer si offisielle facebook-side står dette å lese om at dei er booka til Malakoff: " (...) en festival som gjennom en sterk lokal dedikasjon og flott booking har blitt en av de største suksess-historiene i norsk rock."

Malakoff-festivalen sparar ikkje på krutet i si omtale av Gluecifer i ei pressemelding:

"Mange festivalbookarar datt av stolen då GLUECIFER annonserte eit svært etterlengta comeback i 2018. 12 år etter at Norgeshistorias tøffaste liveband la inn årane er dei endelig klar for nokre få eksklusive festivalkonsertar. Til sommaren får vi tidenes mest gledelege gjensyn med legendene i GLUECIFER på Malakoff!

Gjennom fem fantastiske plater og eit knippe herlege singlar og EP-ar regjerte Gluecifer den skandinaviske hardrockbølga frå midten av 90-tallet fram til dei ga seg i 2005. Saman med band som The Hellacopters og Turboneger definerte dei den svært vitale Scandirock-scena, som på mange måtar la grunnlaget for ein sterk og særeigen kultur av rockfrelste menneske over heile landet. Gluecifer bidrog og til at rocken for alvor fikk ein brei populærkulturell gjennomslagskraft i heimlandet, og at rock som uttrykksform dominerte både konsert- og festivalscener. Med Automatic Thrill frå 2004 sette dei på meisterleg vis eit foreløpig karrierepunktum og bandet sine monumentale låtar herja både radio- og salgslistene. I dag er dei som legender å regne. Eit av dei verkeleg store norske banda!

Gluecifer er kjent som eit fenomenalt liveband, og for dei som var heldige å oppleve dei har dei sett djupe spor. Ein Gluecifer-konsert var alltid ei stor oppleving, og etter kvart som låtkatalogen vart større vaks bandets posisjon - og utanfor landegrensene. Gluecifer har inspirert veldig mange band og har gjennom hundrevis av legendariske konsertar vore fanebærarar for moderne norsk rock."