Helse- og sosialutvalet i Eid har drøfta budsjettforslaget. Konsekvensen er at ein må ta ned tenestene, som inneber 5,4 millionar lågare enn i 2018. Då har ein snudd på alt.

For å få budsjettet i balanse må ein kutte ytterlegare 3,5 millionar kroner i helse- og omsorgstenestene, og det er veldig dramatisk. Kvar desse millionane skal takast frå er det ingen som kan gi eit eksakt svart på.

Vi er redd for at brukarane vil kjenne det på kroppen, og dei tilsette må springe endå fortare enn dei allereie gjer.

Politikarane sitt store problem er at det ikkje er klargjort kvar dei skal kutte 3,5 millionar kroner.

Vi stiller oss sterkt tvilande til utvalet sine presiseringar om at dei vil følgje nøye med. Det er ikkje truverdig at ein skal spare pengar på noko dei ikkje kan.

Kommunesjef Kari Krogh konstaterte i møte at det er heilt umogleg å vurdere konsekvensane eksakt. Samfunnsoppdraget er forsvarlege tenester, og ein må følgje lova.

Ytterlegare innsparingar vil føre til at ein handlar heilt på grensa av lova. Er det dit vi vil?

Færre tilsette får konsekvensar for kvaliteten. Det stadfestar også tilitsvald for sjukepleiarane i Eid kommune, Bjørg Tordal Hellesø. Med færre tilsette vil det bli meir uro. Kutt vil gi mindre tid til å mate dei som treng hjelp til å ete. Lenger tid før ein får stå opp om morgonen eller gå på do. Kanskje vert det sjeldnare dusjing. Det blir mindre tid til alle og til ting vi andre tar som ein sjølvfølgje.

Hjartet gret for alle dei eldre som ikkje sjølve kan seie ifrå, og som berre må ta til takke med det dei får – fordi politikarane godtar at tenestene kan vere på grensa av det lovstridige.

Vi har nyleg fått nytt omsorgssenter på Eid. Om innhaldet skal bli dårlegare er det berre skalet igjen til slutt.