Heile seks pallplasseringar, derav to førsteplassar, kunne løparane frå Stårhem IL og Eid IL ta med seg heim, etter å ha konkurrert mot mange av dei beste i landet i sine respektive klassar på Geilo i helga. Dei aller fleste av dei beste skiskyttarane frå Sør-Norge deltok i rennet.

– Dette er rett og slett utruleg imponerande. Det er eit bevis på at vi gjer noko som er rett, seier leiar i Stårheim IL skiskyting, Nils Magne Nedreberg.

NB! I Fjordabladet si papirutgåve fredag 28. november står det at rennet var det første i Norgescupen. Dette er altså IKKJE riktig.

Laurdag var det sprint på Geilo, og då gjekk Kasper Mundal, Stårheim IL, heilt til topps i klasse gutar 15 år. Han pådrog seg to strafferundar, men var likevel 23 sekund føre nr. 2, Håvard Såghus Winterkjær, Gjerstad IL, som hadde éin strafferunde.

Magnus Skeide Bakke, Eid IL, vart nr. 20 i denne klassen, medan Patrick Isene, Stårheim IL, vart nr. 31.

Den andre sigeren kom i klasse gutar 16 år på fellesstarten søndag. Her gjekk Bendik Vereide, Stårheim IL, til topps. På andreplass kom Christian Thon Christensen, Skrautvål IL, 21 sekund bak Vereide. Christensen skaut feilfritt, medan Vereide fekk ein strafferunde.

Ask Haughovd, Stårheim IL, vart nr. 26 i denne klassen

Fleire på pallen

På fellesstarten søndag gjekk Magnus Skeide Bakke, Eid IL, seg inn til andreplass etter å ha pådratt seg tre strafferundar. Han var ti sekund bak vinnaren Jacob Lundby, Østre Toten Skilag.

Her vart Patrick Isene nr. 11 og Kasper Mundal nr. 13.

Bendik Vereide sitt gull på fellesstarten i klasse 16 år var ikkje overraskande, då han tok sølv på sprinten laurdag, 14 sekund bak vinnar Mattias Stakkeland, Knaben og Fjotland IL.

Det var ikkje berre Bendik Vereide som tok pallplass både laurdag og søndag. Det same gjorde Frøya Haughovd i klasse J 13. Ho vart nr. 3 på sprinten og nr. 2 på fellesstarten.

Leiar i Stårheim IL skiskyting, Nils Magne Nedreberg, har denne forklaringa på at dei unge utøvarane gjer det så bra.

– Dei er veldig treningsbevisste og motiverte, og dei har svært gode trenarar. I år har dei også fått gå litt på snø før den første konkurransen, og det har kanskje litt å seie, seier Nedreberg, som håpar at resultata vil få positiv innverknad på rekrutteringa til skiskyttarsporten lokalt.