Ho melder om at ein del 14-, 15- og 16-åringar i Eid drikk alkohol, og at dette har forverra seg dei siste åra. Dette gjeld ungdommar heilt ned i 8. klasse.

– Så unge gutar og jenter toler mindre og har ikkje alkoholerfaring. Det går mykje i sprit. Drikk du fort, kan det vere livsfarleg, seier Heggen.

For å ha sprit tilgjengeleg, må nokon som er over 20 år ha kjøpt slik alkoholhaldig drikke.

Heggen er oppgitt og forbanna over at vaksne folk kjøper alkohol til ungdommane.

– Kjøper du sprit til ein mindreårig og vedkomande hamnar på sjukehus, så er du ansvarleg. Det er strengt forbode å kjøpe alkohol til mindreårige, og blir du oppdaga, vankar det solide bøter.

– Å kjøpe sprit til 14-15-åringar vitnar om mangel på sunn fornuft. Vi har fått ein del tips om kven som gjer det, og jobbar med saka, fortel Heggen. Ho oppfordrar folk om å melde ifrå dersom dei kjenner til slik ulovleg verksemd, for å hjelpe til med å få bukt med eit veksande problem i Eidasamfunnet.

Heggen er redd for smitteeffekten, og oppfordrar dei under 18 år til å seie nei til alkohol. Er du som ungdom ein del av eit miljø der somme drikk seg fulle, blir det gjerne eit press. Heggen er oppteken av haldningane til bruk av alkohol i delar av ungdomsmiljøa og blant foreldra. Ho legg vekt på at foreldra har eit stort ansvar. Det er faktisk ein del foreldre til 16-17-åringar som aksepterer at dei drikk, og som til og med sender med barna sine alkohol på fest for å ha kontroll med kva dei drikk.

– Det er ingen god ide, meiner Heggen. Då drikk ungdommane gjerne det som dei har med seg i tillegg til anna tilgjengeleg alkohol. På generell basis er det slik at ungdommar som har foreldre som er strenge når det gjeld alkohol, drikk mindre, fordi dei må vere edru når dei kjem heim.

Heggen understrekar at det store fleirtalet av dei unge ungdommane i Eid er greie og pliktoppfyllande og drikk ikkje alkohol. Generasjonskløfta er mindre enn før. Dei unge sit meir heime og er på sosiale media, og dei har betre kontakt med foreldra.

– Ungdom har aldri vore så lite kriminelle. Ungdommen drikk mindre enn på 90-talet og dei bruker mindre narkotika, medan tendensen er at dei vaksne drikk meir alkohol enn før.

Alvorlege konsekvensar

For å førebyggje er politikontakt Hanne Heggen mellom anna innom skulane for å fortelje om kor alvorlege konsekvensane av alkoholbruk kan vere.

– Du kan i verste fall drukne i ditt eige spy, du vert lettare utsett for fallulukker, du kan sovne ute og fryse i hel, det er større fare for å bli utsett for overgrep, eller bli skulda for å ha begått overgrep. Lista over alkoholens farar er lang.

Heggen er spesielt bekymra for at dei unge ungdommane drikk sprit. Drikk du raskt sterke saker, kan verknaden brått slå inn, og du kan hamne på sjukehus.

Tema i ungdomsrådet

Hanne Heggen var tysdag med på møte i Eid ungdomsråd, der ho utfordra ungdommane på korleis dei opplever situasjonen. Det kom fram at det ikkje er uvanleg å sjå rusa 8.-klassingar.

– Eg ser rusa ungdom overalt, og så går vaksne folk forbi utan å bry seg, fortalde ein av ungdommane.

Heggen stilte spørsmål om det i ungdomsmiljøet er akseptert og godkjent at venner drikk seg fulle. Ungdomsrådet vart oppfordra om å ta sak om drikking og drikkepress opp i elevråda og diskutere der kva ein kan gjere med dette som er eit aukande problem.

– Det er viktig kva de ungdommane meiner, at de seier ifrå og klarer å stå imot, påpeika politikarrepresentant i elevrådet, Ståle Sandal (Sp). Han er sjølv lærar og samanlikna med ein klassesituasjon der det har større effekt for å få ro at medelevar hysjar på, enn at det berre er han sjølv som står og ber dei om å vere stille.

Ungdomsrådet oppfordra Hanne Heggen om å snakke med ungdomsskuleelevane om konsekvensane av alkoholbruk.

Politikontakt Heggen seier til Fjordabladet at politiet har eit veldig godt og konstruktivt samarbeid med Eid ungdoms-skule gjennom rektor, og at dei har hatt fleire møte der.