Ei av sakene som stod på saklista til Eid ungdomsråd tysdag var budsjett og økonomiplan. Det kan høyrest treigt og keisamt ut, men er faktisk ganske viktig når det gjeld korleis Eid kommune skal bruke pengane sine. Ungdommane var klare på at trampolinepark og klatrevegg står høgt på prioriteringslista, og er noko som kommunestyret bør ta med i arbeidet med budsjett og investeringsplan.

Betre garderobar

Ungdomsrådet er opptekne av at forholda for barn og unge skal vere bra i Eid. Det kom fram på møtet at det har vore reaksjonar frå andre ungdommar som har vore her på kamp, på at det ser ganske nedslite ut i garderobane i Eid idrettshus.

For å betre på forholda sette ungdomsrådet opp betre garderobar i idrettshuset/symjehallen på si liste over investeringar som Eid kommune bør prioriterte. Dei peikar i sitt innspel til kommunestyret også på at det generelt sett er viktig å reparere etter kvart når ting blir øydelagt.

Politikontakt i Eid, Hanne Heggen meiner dette er både viktig og fornuftig. Ho peikar på at garderobar og andre fasilitetar som ikkje ser bra ut, gir signal om at det ikkje er så nøye. Ser det fint og ordentleg ut, blir det mindre hærverk.

Ønskjer nøkkelkort

På møtet i ungdomsrådet vart det også teke opp at det er eit problem at uvedkomande kjem seg inn og at det vert stole frå garderobane. Ungdommen ønskjer at det skal bli innført nøkkelkortløysingar til dører og garderobeskap i idrettshus og idrettshall.

I den nye Eidahallen er det eit låsesystem, men det er eit problem at ting vert sett i dørsprekken for å halde døra open slik at dei som kjem litt seint også slepp inn. Ungdommane ser føre seg til dømes eit armband med adgangsbrikke for dei som skal inn.

Politikontakt Hanne Heggen sa at ein overalt vil finne ein gjerningsperson som er ute etter å stele. Tilgjengelegheit og kva som er der som kan stelast, vil vere avgjerande for kor interessant det er for ein tjuv å ta seg inn. Ho peika på at dei som bruker Eidahallen kan gjere litt sjølve ved å passe på at dørene er lukka, og ein kan la vere å legge frå seg verdisaker i garderobane som er interessant å ta.

DYKTIG LEIAR: Pascal Sibondagara (t.h.) leia møtet ungdomsrådet på ein ryddig og grei måte. Foto: Anna Wuttudal