Vilde Hjelle og Anna Naustdal vann MGPjr i fjor, og Oselie Henden vann nyleg årets MGPjr.

Alle dei tre jentene går på Eid ungdomsskule, på kvart sitt klassetrinn. Songtalenta er i desse dagar ute på juleturné for å glede mange med songane sine. Dei tre jentene er verkeleg med på å setje Eid på kartet. Til dømes kan du i dag sjå dei i eit sju minutt langt innslag på Supernytt, eit landsdekkande TV-program.

Grunngjeving for at Ungdommens kulturpris i Eid for 2017 blir tildelt Vilde & Anna, og Oselie:

Det at to aktørar, Vilde & Anna (2016) og Oselie (2017), no har vunne Mgp Junior to år på rad er ein heilt unik prestasjon. Dei har alle tre bidrege til å sette regionen og spesielt Eid på kartet på ein måte ein knappast kan kjøpe eller planlegge seg til. Ikkje berre har dei sjølve vist eit enormt engasjement, kvalitet og musikalske evner på høgt plan, men dei har gjeve heile lokalsamfunnet store opplevingar og felles minner for livet. Juryen ynskjer at prisen skal bidra til at jentene framleis skal kunne utvikle seg sjølv og produktet sitt på ein god måte.