Torbjørn Leivdal (Sp) kom med framlegg om å ta over Heggjabygda vassverk utan å krevje anleggsbidrag.

– Den julegåva ønskjer eg at Heggjabygda skal få. Det har dei fortent, sa Leivdal. Sp sitt framlegg fekk berre støtte frå dei tre Sp-representantane i utvalet.

Fleirtalet (SV, H, KrF, Frp og V) gjekk inn for rådmannen sitt framlegg som går ut på at Eid kommune tek sikte på å overta Heggjabygda vassverk med reinsa vatn frå Nor vassverk, men då med anleggsbidrag.

Det skal lagast intensjonsavtale som grunnlag for vidare oppfølging.

Dette forslaget inneber ein generell auke i gebyr for dei kommunale vassabonnentane på 1,5 %.

Eventuell gjeld tilhøyrande Heggjabygda vassverk er ikkje medtatt. Det vart i møtet sagt at dette utgjer om lag 20.000 kroner per abonnent.

Greitt forslag

– Eg synest forslaget frå rådmannen er greitt, sa Ove Kjøllesdal (H), og også fleire andre tok til orde for at det er ok at abonnentane bidreg med noko meir enn berre vanleg tilknytingsgebyr. Det vart sagt at det truleg blir endå dyrare for dei om dei sjølve skal drive vidare og ruste opp sitt eige vassverk.

Alternativt auka gebyr

Overtaking og reinsa vatn frå Nor vassverk utan anleggsbidrag, tilsvarande forslaget frå Torbjørn Leivdal (Sp) ville innebere ein generell vassgebyrauke som er 0,9 % høgare, 100 % dekning av kostnader gjennom ein auke i gebyr for vatn på om lag 2,4 %.

Søkte om overtaking

Det er private Heggjabygda vassverk som sjølv har søkt om kommunal overtaking.

Heggjabygda har i dag råvatn frå vasskjelde Sætrevatnet, og utgreiingane syner at dersom dette skal nyttast vidare, krevst det eit avansert reinseanlegg med store driftsutgifter. Reinseanlegget krev mykje tilsyn og er ikkje framtidsretta, grunna høge driftsutgifter. Det må og påreknast ei større oppgradering innan 10–15 år.

Pumpa via sjøleidning

Ein kan oppnå sikker tilfredsstillande vassforsyning ved å nytte vasskjelde Hornindalsvatnet og Nor vassbehandlingsanlegg. Då vil vatnet bli pumpa via sjøleidning til eksisterande leidningsnett og så vidare til eksisterande høgdebasseng. Det er ei slik løysing som no vert tilrådd. Dei årlege kostnadene er om lag like ved begge alternativa, men med vatn frå Hornindalsvatet vil innbyggarane få ei meir framtidsretta løysing. Nor vassbehandlingsanlegg er tilrettelagt for å pumpe vatn til Heggjabygda. Årlege kostnadane i begge alternativa er rekna å bli kring 480.000 kroner. Den årlege gebyrinntekta frå abonnentane i Heggjabygda vil bli i overkant av 150 000 kroner. Det vil resultere i ein årleg meirkostnad for Eid kommune på 300–350.000 kroner ved overtaking av Heggjabygda vassverk. Denne kostnaden kjem som resultat av investeringar og driftsutgifter.