Dette er klart etter at Hovudutvalet for opplæring tysdag vedtok korleis opplæringstilbodet for neste skuleår skal lysast ut. For dei vidaregåande skulane i Nordfjord gjeld dette eit samarbeid mellom Eid og Stryn vidaregåande skular.

Alt neste skuleår vil hovudutvalet at elevar ved teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Eid vidaregåande skule skal få høve til å nytte faget yrkesfagleg fordjuping til utplassering hjå bedrifter i Stryn. Dette føreset at næringslivet i Stryn legg til rette for slik utplassering.

– Det er lagt inn eit tettare samarbeid mellom Eid og Stryn, for å få opp søkjartalet til TIP frå elevar frå Stryn. Her er det understreka at desse elevane skal kunne få utplassering ved bedrifter i Stryn, dersom dei vel TIP ved Eid vidaregåande skule, seier utvalsmedlem i Hovudutvalet for opplæring, Alfred Bjørlo, som understrekar at dette kjem etter eit sterkt ønskje frå næringslivet i Stryn.

To klasser studiespesialiserande

Denne hausten vart det berre starta ein klasse for studiespesialiserande på første året ved Eid vgs., sjølv om det låg inne to klassar i utlysinga. Årsaka var at søkjartalet ikkje vart vurdert stort nok til å opprette to klassar. For komande skuleår er det igjen lyst ut to klassar på studiespesialiserande ved Eid vidaregåande skule første årstrinn.

– At ein igjen lyser ut to parallellar for første året studiespesialiserande, er eit viktig og godt signal frå fylket. Det viser at ein har tru på at to klassar kan bli fylt opp, noko som vil bidra til å sikre god fagleg breidde ved skulen, seier Alfred Bjørlo, som understrekar at utlyst tilbod ikkje i seg sjølv er fasiten på kva klassar som faktisk blir oppretta

– Det er søkjartalet som vil avgjere om det blir oppretta to klassar. Her kan det på generell basis seiast at det ikkje er nokon automatikk i at ein kjem inn ved den vidaregåande skulen ein soknar til, viss ein har ei linje på ein annan skule som førsteval. Det bør ikkje overraske nokon, seier Bjørlo.

Det utlyste tilbodet

For Eid vidaregåande skule vil det utlyste opplæringstilbodet neste skuleår gje totalt 359 elevplassar, dersom alle klassar blir oppretta og fylt opp. For dei andre skulane i Nordfjord er tilsvarande tal Måløy: 338, Stryn: 306 og Firda: 357.