Om Eid kommune ikkje overtek vil Heggjabygda vassverk måtte halde fram drift som før. Eid kommune er ikkje pliktig til å overta, men har eit overordna ansvar i mellom anna Plan- og bygningslova og Folkehelselova

Av den kommunale saksutgreiinga går det fram at for dagens abonnentar til Heggjabygda vassverk vil konsekvensen dersom kommunen ikkje overtek vere framleis høgare gebyr og eit nytt låneopptak knytt til reinseanlegget om 10–15 år.

Gebyrauke eller bidrag

Rådmannen peikar i saksutgreiinga på at kommunen sine kostnader med å ta over Heggjabygda vassverk må dekkast over sjølvkostrekneskapen til vassområdet i Eid kommune, dvs. ein gebyrauke for alle abonnentar. Alternativt kan ein stille krav til abonnentar tilhøyrande Heggjabygda vassverk om å betale eit anleggsbidrag som skal dekkje delar av investeringsbeløpet vedkommande vassverkovertakinga.

Bør dekkje 40 %

–Dette bør dekkje omtrent 40 % av investeringa. Då vil kostnader til tiltaket dekkjast av dei som får nytte av utbygginga, og vassgebyr få ein mindre auke, påpeikar rådmannen.

Nytt i Eid, men gjort i Stryn

Eit slik anleggsbidrag har tidlegare ikkje vore nytta i Eid kommune, men det vert i saksutgreiinga vist til tilsvarande tiltak gjort i Stryn kommune ved overtakinga av Blakset og Ulvedal vassverk i perioden 2012–2016 der kvar abonnent i samband med utbygginga av vassverka måtte betale eit anleggstilskot på 50.000 kroner. Kvar abonnent måtte gjennom signert avtale forplikte seg før kommunal overtaking var aktuell. Det var der estimert ein grovkalkyle på investeringa i 2010 til 10.500.000 kroner eks mva. og vassverka hadde då om lag 80 abonnentar.

Har 34 abonnentar

Heggjabygda vassverk har 34 abonnentar, av dei 23 bustader og ein del driftsbygningar.

Vanlege gebyr vil gje ei årleg inntekt til Eid kommune på 163.000 kroner.