I månadsskiftet september/oktober starta salet av elleve leilegheiter ved sjøkanten på Bryggja. Leiar i Bryggja utviklingslag, Øystein Hessevik, håpar at ein vil få den same effekten som ein har sett i Eid dei siste åra, nemleg at godt vaksne folk sel einebustadane sine for å kjøpe ny leilegheit.

– Det er dette vi håpar på. Tilgangen på tomter for bygging av einebustad på Bryggja er ikkje stor. Dersom det same skjer hos oss som i Eid, vil det bety at mange einebustader kan bli frigjorde for sal. Då vil vi få ein marknad som småbarnsfamiliar kan finne attraktiv, seier Hessevik.

Glad for vedtak

For ei knapp veke sidan kom tilrådinga frå Fylkesmannen som Hessevik og utviklingslaget hadde håpa på. Tilrådinga er som kjent at Bryggja frå gå saman med Eid og Selje inn i nye Stad kommune frå 1. januar 2020.

– Det var akkurat det vi hadde håpa og trudd på. Eit anna utfall hadde vore veldig uheldig for Bryggja, seier Øystein Hessevik, som trur at plasseringa bygda vil få i Stad kommune er langt meir gunstig enn den ville vore i Kinn.

– No blir vi liggande sentralt i kommunen, i staden for å vere ein utkant. Dette er noko vi har god tru på vil auke sjansen for tilflytting av barnefamiliar til Bryggja, seier Hessevik.

Bulystprosjekt

Bryggja utviklingslag har no starta eit bulystprosjekt. Det første utkastet til kva dette skal innehalde vart presentert på eit folkemøte på Bryggja sist fredag, rett etter at vedtaket frå Fylkesmannen var offentleggjort.

– Vi er heilt i startfasen med bulystprosjektet, og det er klart at vedtaket frå Fylkesmannen var avgjerande for korleis dette kan bli, seier Øystein Hessevik.

Vågsøy kommunestyre har vedtatt at skulen på Bryggja skal leggast ned frå hausten 2018, noko ein no satsar på ikkje skal skje. Det er på det reine at det blir møte mellom Eid, Selje og Vågsøy, der denne saka vil kome på bordet.

– Vi satsar sjølvsagt på å få behalde skulen. No er det opp til politikarane, seier Hessevik.

Han fortel at folkemøtet fredag kveld var positivt, men at ein ikkje slepp jubelen heilt laus enno.

– Det er ikkje 100 prosent i boks, men vi er ganske nær, seier leiar i Bryggja utviklingslag, Øystein Hessevik.