Nordfjordeid skule vil nyte godt av ekstra pengar i samband med ny lærarnorm, sidan det er der klassestorleiken er størst. På skulen er det opptil 27 elevar per kontaktlærar.

Rektor Nils Petter Nes fortel at snittstorleiken på klassane er 25+, og at den nye lærarnorma vil få stor betydning. Han er klar på at behovet for fleire vaksne i klasseromma absolutt er til stades.

Frå hausten 2018 vert det eit krav om maks 16 elevar per lærar i 1. til 4. klasse og 21 elevar i 5. til 10. klasse.

Frå hausten 2019 justerast talet til 15 elevar i 1. til 4. og 20 elevar i 5. til 10. klasse.

Ifølgje dei tabellane frå departementet som Eid-ordførar Alfred Bjørlo viser til, så kan det dreie seg om inntil seks millionar kroner etter ein opptrappingsperiode. Det utgjer kring 8-9 stillingar.

Løyser ikkje budsjettproblema

Ordføraren understrekar imidlertid at det ikkje er slik at dette inneber at budsjettproblema i Eid langt på veg er løyste.

Bjørlo seier til Fjordabladet at desse midlane ikkje har betydning for å få på plass 2018-budsjettet i Eid kommune, men kjem som øyremerka midlar frå skuleåret 2018/19, og då til skular med klassar over ein viss storleik. Det inneber halvårsverknad neste år.

–  Dette gjer ingen skilnad frå eller til når det gjeld budsjettsituasjonen i Eid. Budsjettutfordringane er like store som før, seier ordføraren.

– Dette gjer ingen skilnad frå eller til når det gjeld budsjettsituasjonen i Eid. Budsjettutfordringane er like store som før, seier ordførar Alfred Bjørlo, som her tek ein liten prat med leikepatruljen.