– Vi gler oss veldig til denne dagen, seier Jorunn Sollid, dagleg leiar ved gjenbruksbutikken på Nordfjordeid.

Gjenbruk er trend i tida, og stadig fleire finn vegen til butikken.

NMS Gjenbruk ønskjer å vere eit grønt alternativ til Black Friday. Dei påpeikar at om ein handlar hos NMS Gjenbruk bidrar ein ikkje til auka forbruk, men snarare til lågare utslepp og redusert avfallsmengde.

– Fredag kler betre grønt, og denne dagen blir det sal i butikken vår, seier Sollid, som kjem med ei klar oppfordring.

Sit på ei stol

– Kom og sitt i ein lenestol utanfor butikken vår fredag og laurdag. Om du kan sitte på ein stol i ti minutt kan du ta med stolen gratis heim. Vi håper vi har stolar nok, smiler Sollid.

Alt ved gjenbruksbutikken vert gjort på dugnad. Butikken er i regi av Det Norske Misjonsselskap, og misjon, miljø og møteplass står sentralt. Rundt om i landet har dei 50 butikkar som 2.000 frivillige tar seg av.

Grøn fredag vert på alle butikkane rundt om i landet.