Grunngjeving for Kulturprisen 2017:

– Fjordabladet har sidan avisa vart etablert i 1874, vore ein framifrå kulturberarar i Eid kommune. Gjennom reportasjar om kunst, kultur og idrett har avisa gjennom snart 150 år formidla det som skjer på kulturfronten i kommunen. Å legge så mykje vekt på kunst, kultur og idrett i ei lokalavis er ikkje sjølvsagt, men i Fjordabladet ser dette ut til å være ein bevisst strategi. Kultur, på alle nivå, er viktige bidrag for å skape gode og livskraftige lokalsamfunn. Kulturlivet står sterkt i skular, lag/organisasjonar og blant born så vel som vaksne. Mesteparten av det vi opplever av kultur, i vid forstand, er bygd på dugnad. Det er denne livskraftige kulturen Fjordabladet har formidla gjennom sine spalter. Ved å gjere det, har lokalavisa bidrege til å gjere den lokale kulturen endå sterkare, meir synleg og meir livskraftig. Fjordabladet er i våre auge ein verdig mottakar av Eid kommune sin kulturpris for 2017.

– Svært gledeleg

– Dette er svært gledeleg og viser at den jobben som Fjordabladet gjer er viktig for lokalsamfunnet. Som den eldste avisa i Sogn og Fjordane er vi ein viktig kulturberer, vi er ei vaktbikkje overfor makta og formidlar av nyhende i vårt dekningsområde, seier redaktør Ingebjørg Nilsen Stokkenes.

Fjordabladet vart etablert  i 1874 og heitte då Fjordenes Blad. Sidan den gongen har det vore ei rivande utvikling i avisbransjen.